Det kan føre til at akuttsjukehus forsvinn frå Innlandet for å spare pengar.
Onsdag ba Helse Aust styret i Sjukehuset Innlandet leggje fram ein plan for korleis dei kan rette opp underskotet i budsjettet sitt innan juni.
Vanskeleg å kutte
Måndag vedtok styret i Sjukehuset Innlandet å setja opp eit underskotsbudsjett på rundt 50 millionar kroner.
Men dette strir med kravet frå Stortinget om at alle budsjett skal vera i balanse.
Nå må Sjukehuset Innlandet på ny fram med sparekniven, men administrerande direktør Torbjørn Almlid seier det blir vanskeleg å kutte.