Brannvesenet fekk det hektisk da dei skulle sløkkje ein stor grasbrann på Haslemoen i Våler onsdag ettermiddag.
Eit uthus på 200 kvadratmeter stod ikkje til å redde. I huset stod det to veteranbilar. Brannen spreidde seg til eit skogsområde, men brannvesenet fekk kontroll over flammane.
Onsdag var det grasbrannar også i Sørskogbygda i Elverum og Brumunddal. Dagen før var det fem grasbrannar i løpet av ein time i Hedmark.
Foto: Stig Karlo Helstrøm/NRK