Da skotårsdagen kom, tok Hilde Sarastuen frå Dokka, saka i eigne hender.
Med rundt 100 tilsette i skianlegget "Trysilfjellet" som publikum, fridde Sarastuen på direkten over det interne sambandsnettet.
Den heldige elektrikaren Frank Kleven visste ingenting, da fekk den store overraskinga søndag.
- Kontant svar
- Eg var aldri i tvil om eg skulle svare ja, seier ein lykkeleg Frank Kleven til Østlendingen.
- Skotårsdagene er damene si moglegheit, så eg måtte ta steget nå, seier Hilde til NRK Hedmark og Oppland.
Etter å ha vore nervøs i fire veker, fann det nøye planlagte frieriet stad i sol og strålande vêr på Trysilfjellet.
Med rundt 100 tilsette som publikum fridde Hilde Sarastuen til Frank Kleven over sambandet i Trysilfjellet på skotårsdagen.
Kollegaene hjalp til
Da radiokontakten var oppretta framførte Hilde frieriet sitt til Frank for open mikrofon.
Med god hjelp av dei lattermilde kollegaene til den kommande ektemannen, kunne Hilde fri over sambandet. Det heile er også tatt opp på band.
- Det vart mange gratulasjonar, og den vellykka dagen vart avslutta med ein betre middag, seier Hilde.
Bryllupet skal stå neste vinter.