Hopp til innhold

Fotball for flyktningane

KVAM (NRK): Hertessey frå Eritrea, og andre flyktningar i Kvam, speler fotball i staden for å sitte på akuttmottaket.

Spiller fotball

I kvamshallen speler gutane frå Kirketeigen asylmottak fotball fleire timar i veka.

Foto: Marianne Duun Malmo / NRK

Gjennom flyktningfondet til Noregs idrettsforbund fekk Kvam IL midler til å gje flyktningane ved Kirketeigen akuttmottak eit aktivitetstilbod utanfor mottaket.

Frå måndag til fredag opnast Kvamshallen to timer for at flyktningane får spele fotball. På onsdagar gir sportsleg leiar i Kvam idrettslag, Svein Håvard Steinli, hjelp til dei fotballspelande.

– Vi valte å legge til rette, slik at dei kunne få trening inn i kvardagen. Ein time, kvar onsdag, er eg trenaren deira, seier Steinli.

– Uansett kvar du kjem frå, er fotball noko folk vil ha. Om du kjem frå Guatemala, Syria eller Hammerfest kan ein like fotball.

Trenere

Sportsleg leiar Svein Håvard Steinli og dagleg leiar ved Kirketeigen akuttmottak Pål Johansen.

Foto: Marianne Duun Malmo / NRK

Speler som brør

Hertessey frå Eritrea er ein av dei som speler fotball i Kvamshallen. Han bryr seg ikkje om kulda som har kome til Gudbrandsdalen.

– Når vi speler held vi oss varme. Vi speler som brør, seier Hertessey.

Pål Johansen er dagleg leiar ved Kirketeigen akuttmottak, han synest tiltaket er fantastisk.

– Det motiverer flyktningane kvar dag. Det er eit flott tiltak, vi er jo eit akuttmottak, og situasjonen kan endre seg frå dag til dag. Då er det fint å ha eit tilbod der ein kan få ut litt energi frå kroppen. Det skulle vi alle ha gjort, seier Johansen.