Nesten 1. 200 barn fekk hjelp frå barnevernet i Oppland i fjor, og det er 121 fleire enn året før.
Heimetiltak har auka mest
Øystein Gleditch i Fylkesbarnevernet synest det er positivt at barnevernet kan behandle fleire saker.
- Som barnevernsarbeidar så har eg jo sterk tru på at det eg gjer i forhald til barn er til hjelp for dei, seier han.
I følgje Barnevernlova skal ein ha fokus på at barn skal få hjelp i lokalmiljøet. Det vil seie såkalte hjelpetiltak, som er tiltaket heime hjå barna. Det er slike tiltak det har vore ein auke av i Oppland.
Men statistikken seier ingenting om hjelpetiltaka fungerer, seier han. Rapporten om barnvernet i fylka fortel berre om dei sakene som barnevernet har handsama. Dermed kan statistikken også lyge, seier Gleditch.
Ill. bilete
Fryktar store mørketal
Han mener også det finnes store mørketall i Oppland av ungdommer som ikke blir fanget opp av barnevernet.
- Det finst ein del born som burde ha fått hjelp av barnevernet, men som ikkje blir fanga opp.
Det er nemlig ei gruppe som er fråverande på statistikken, nemlig ungdom med rusproblem som det har blitt fleire av.
Ill. bilde.
Stabil situasjon i Hedmark
Tala for Barnevernet i Hedmark viser ein stabil situasjon med rundt 1 000 born som er i kontakt med barnevernet, noko som har vore situasjonen dei siste åra.
Vidar Flatby hjå Fylkesmannen i Hedmark som mottar rapportane frå kommuane seier at det ikkje nødvendigvis betyr at kommunane ikkje klarer å behandle fleire.
- Det er vanskeleg å seie, fordi me veit lite om årsakene til den eventuelle stabiliteten. Det er mulig at situasjonen er vanskelegare, og at barnevernet skulle ha gått inn meir, seier Flatby.
Han seier dei stadig får rapportert frå kommunane at sjølv om talet på barn ikkje aukar så mykje, verker det som om at kvar enkelt sak er blitt vanskelegare.