Hopp til innhold

Etterlyser privat overnatting

Turistkontora oppmodar folk til å satse på privat overnatting. Mange turistar ynskjer å bu privat. 

Sissel Djupvik med eget utleie-stabbur
Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Ei rundtspørjing NRK har gjort til turistkontora i Oppland og Hedmark syner at privat overnatting er mangelvare.

- Det er for få som leiger ut, seier Ingvald Eid i Hadeland Reiseliv.

Sissel Djupvik i Røykenvik på Hadeland seier det er mykje moro med utanlandske turistar.

 

Ingvald Eid, Hadeland Reiseliv
Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Stor etterspurnad

- Dette vil det bli meir og meir av. Utanlandske turistar vil ha noko meir. Folk som har hus som står tomme, bør gjere i stand dette til enkel overnatting, seier Eid.

I Kongsvinger-traktene, i Valdres og på Hadeland er det stor mangel på private overnattingstilbod.

- Det kan bli ei fin ekstrainntekt, seier Eid.

- Svært hyggeleg

Torben Møllgaard fra Holstebro i Danmark har funne sitt paradis og vil saman med kone og tre ungar vere hos Djupvik ei stund.

Han meiner det er best slik, der ein kan bu i ro og fred og der ein får ein heilt annan kontakt enn på ein campingplass.

Enkel reklame

I stabburet bur ein dansk familie, medan ein annan dansk familie skal bu i uthuset i nærere ei veke.

Djupvik fortel at den einaste marknadsføringa ho har, er eit skilt i vegkanten og informasjon på Internett.

- Og så er det danskar som har vore her som har lagt ut informasjon på ei Internettside. Det har resultert i mange danskar her, fortel Djupvik.