Hopp til innhold

Eit politisk menneske

Farahnos Bahrami måtte flykte frå Iran på grunn av sitt politiske engasjement. Nå vil mange ha ho som ny ordførar i Hamar.

Farahnos Bahrami
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

- Det er utruleg artig å jobbe med politikken, sjølv om eg er fersk, så ser eg framtida i politikken, seier ho.

Måtte flykte

For 18 år sidan måtte ho flykte frå Iran nettopp på grunn av sine politiske meininger, og reiste til mannen som venta i Noreg.

Det islamske regimet tolererte ikkje politisk aktive jenter som kjempa for likestilling, og ho vart arrestert fleire gonger.

- Eg vart spurt i eitt sett om dei politiske sakene eg dreiv med, og dei tok ikkje nei for eit nei. Så sjølv om det dei spurte om ikkje stemte, så vart eg tvinga til å innrømme det, fortel ho. Derfor var det befriande å kome til Noreg.

Ordførarkandidat?

Farahnos Bahrami i Hamar Rådhus

Dette kan bli hennar nye arbeidsplass, Farahnos blir no lansert som ein mogleg ordførarkandidat før det komande valet.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Men politikken la ho ikkje frå seg, sjølv om kom til Noreg og Hamar. I fjor haust kumulerte veljarane henne inn på sikker plass i kommunestyret for Arbeiderpartiet, og denne veka lanserte media henne som ein mogleg komande ordførar i innlandshovudstaden.

- Det var gøy, men så lenge det var pressa og ikkje partiet som foreslo det så er det ikkje noko å diskutere, seier ho bestemt.

Jobbar for flyktningar

Men Farahnos Bahrami brenn også for andre ting enn politikken. Ho er tilsett som rektor på vaksenopplæringa i Hamar, men no har ho permisjon for å jobbbe som sjef for flyktningkontoret i Hamar.

- På ein måte føler eg at eg har skoen på, og merkar kvar den trykker for flyktningane. Sjølv om eg ikkje har hatt det så gale som mange av dei eg jobbar med, så er det lett for meg å setje meg inn i deira situasjon, seier ho.

Ho meiner at Noreg ikkje er flinke nok til å utnytte dei kvalifikasjonane flyktningane har med seg når dei kjem til landet. - Akkurat nå har eg ei liste med 50 arbeidsviljuge, kvalifiserte flyktningar berre i Hamar, som alle er arbeidsledige, fortel ho.

Draumar

Av dei ho jobbar med blir ho skildra som ei hardtarbeidande og handlekraftig kvinne, som legg sjela si i alt. Og det er kanskje ikkje dei verste eigenskapene dersom ho ein dag skal bli ordførar i Hamar?

- Draumen for meg er at familien er friske og har det bra, det er det viktigaste. Du får meg ikkje til å seie at eg drøymer om å bli ordførar, ler ho.