Styret i Sjukehuset Innlandet vedtok i september at dei skulle etablere eit administrasjons- og servicesenter.
Diskusjonen har gått om kvar dette skulle ligge, og i dag er det vedtatt at Brumunddal får senteret.
Lett tilgjengeleg
Sjukehuset Innlandet har inngått ei femårig leigeavtale på Strandveien 2 ("Cinet-bygget") i Brumunddal. Bygget ligg sentralt i Brumunddal, og er synleg frå E6.
Målet var å finne eit senter som var lett tilgjengeleg for publikum, og det meiner ein nå at ein har gjort.
100 tilsette
Det er omlag 100 arbeidsplassar som blir knytt til senteret, blant anna rekneskap, lønn, IT, innkjøp, arkiv, bygg- og eigedomsforvalting.
Intensjonsavtala forutsett ei gradvis innflytting for administrasjonen til Sjukehuset Innlandet frå 1. mars 2005.
Psykitrisk sjukehus?
Brukarrådet for Sjukehuset Innlandet har sagt at det nye psykiatriske sjukehuset kan samlokaliserast med den nye administrasjonssenteret.
Brukarrådet vil leggje ned dei psykiatriske tenestene på Sanderud og Reinsvoll og byggje eit heilt nytt psykiatrisk sjukehus i staden.