Hopp til innhold

Ti kyr lemlesta i Valdres

Ei ku hadde knust halebein og fleire kyr hadde djupe kuttskadar, då bonde Embrik Før såg til dyra sine tysdag. – Skadane kjem ikkje av rovdyr.

Ku med kuttskade

STORE SKADER: Denne kua har fått et stygt kutt.

Foto: Line Marie Fosser Vogt

– Eg fekk litt av eit sjokk. Fleire dyr blødde, det såg heilt forferdeleg ut, fortel bonde Embrik Før frå Vestre Slidre i Valdres.

Det var Oppland arbeidarblad som omtala saka fyrst.

Tysdag oppdaga ein hogstmaskinførar fleire kyr som blødde. Då Før kom opp til dyra sine, trudde han det var rovdyr som hadde vore på ferde.

Kyr lemlesta i Valdres

To av kyrne hadde svært djupe kuttskadar.

Foto: Privat

– Det eine kuttet var nok tolv centimeter djupt. Det var så stort at ein kunne legge neven sin nedi, fortel Før.

Ikkje bjørn

Stein Olav Windingstad i Statens naturvernoppsyn var på plass onsdag. Han konstaterer at skadane ikkje kan koma av rovdyr.

– Det var på inga måte rovdyrskade. Det var skarpe, enkle snitt, ikkje klør eller bittskadar, seier han.

Ut ifrå skadane seier han det er mogleg at dyra har gått seg på reiskap eller liknande.

Mistenkeleg

Før fortel at dei har leitt i området dyra gjekk, utan å finne noko som kan ha forårsaka skadane.

– Eg veit ikkje korleis dei skulle ha gjort det sjølv. Hadde det vore eit par dyr, kunne det vore eit uhell, men dette er merkeleg, seier bonden, om dei ti skadde dyra.

Bonde Embrik Før

EMBRIK FØR: "Det såg heilt forferdeleg ut. "

Foto: Line Marie Fosser Vogt

Han meiner at dette er så mistenkeleg at han vil melde saka til politiet.

– Trur du menneske kan stå bak?

– Ein får ikkje tru det. Men nå har vi sett bort frå fleire moglege ting, og da står ein att med at det er påført av eitt eller anna, men eg veit ikkje, seier Før.

Får behandling

Fire kyr vart teke ned frå beite tysdag og fekk behandling av dyrlege i går. Ei av dei måtte amputere halen. i Tillegg vart ei ku og ein kalv teke ned onsdag. Torsdag føremiddag ventar dei på behandling av veterinær.

– Eg har hatt dyr i området i 37 år, og eg har aldri opplevd likande, fortel Før.

Ku har amputert hale

AMPUTERT HALEN: Ei ku måtte amputere halen på grunn av skadane.

Foto: Line Marie Fosser Vogt

Ingen av dyra måtte avlivast.

Dyrevelferda vareteke

Seniorinspektør i Mattilsynet, Sjur Årebru, fortel at dei er informert om saka.

– Veterinær har gjeve dyra naudsynt behandling, og slik eg forstår det er dyrevelferda teke hand om. Vi oppfattar dette meir som ei politisak enn ei sak for Mattilsynet, fortel han.