NRK Meny
Normal

– Han skal få ein av sine tyngste dagar

Bjørn Dæhlie debuterer i Birkebeinerrennet som hjelperyttar for kompis Philip Boit. Planen er å gå fem meter bak og rope heile rennet.

Bjørn Dæhlie og Philip Boit
Foto: Joar Elgåen / NRK

Bjørn Dæhlie har vore deltakar på mange viktige skirenn, men han har aldri tidlegare gått Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer.

44 år gammal debuterer han, men utan å ha spesielle mål for sitt eige resultat.

– Eg skal pushe Philip Boit skikkeleg. Han skal få ein av sine tyngste dagar.

Ordentleg klisterføre

Dæhlie fortel at han sjølv er i brukbar form, men er litt meir skeptisk til sin lagkamerat frå Kenya.

– Phillip er i dårlegare form nå enn før, han sveittar fælt med ein gong, så eg er litt i tvil om farta oppover her. Men eg skal presse han, planen er å liggje fem meter bak og rope. Han kan berre grue seg.

Dei to langrennsløparane har vore kompisar sidan OL i Nagano i 1998. Dæhlie vann rennet, men nekta å kome på medaljeseremoni før alle deltakarane var i mål. Dæhlie venta 20 minutt i målområdet for å ta imot Boit, og dei to vart så gode vener at Philip valte å kalle sonen sin Dæhlie Boit.

Boit sjølv hadde nok med å få på seg skia på det våte og til dels gjørmete startområdet på Rena i dag tidleg, men gav uttrykk for at han gledde seg til turen.

– Eg kjenner ikkje løypa, men dei seier at den er tøff med mange bakkar.

Boit har allereie gått Vasaloppet, og dei to kameratane har god tru på at dei skal klare å kome greitt over fjellet.

– Det er superføre, ordentleg klisterføre, slik som eg likar det. Det kilar ikkje like mykje før start som det gjorde i gode gamle dagar, men nå er vi klare, seier ein blid og opplagt Bjørn Dæhlie.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Bortvist fra oktoberfest i Elverum

    To menn er bortvist fra "Oktoberfesten" i Elverum sentrum sent fredag kveld. Mennene, en i 20-åra og en i 40-åra, ble vist bort på grunn av ufin oppførsel, melder Politiet i Innlandet på Twitter.

  • Bil av veien på fv.51

    Bil har kjørt av veien på fv.51 Golsfjellet, på Opplandsiden av fylkesgrensen. Nødetater er på vei.

  • Flere politistillinger i Innlandet

    Innlandet politidistrikt har fått 41 nye stillinger for 2017. 20 av dem øremerkes etterforskning og forebygging, blant annet ved å følge opp nærpolitireformen og straffesaker bedre. 14 av stillingene skal gå til de tre geografiske driftsenhetene.