Hopp til innhold

–Uaktuelt å setje kunsten opp ein annan stad

Kunstnarkollektivet bak det omstridte kunstverket i Kvam i Gudbrandsdalen vil gjerne setje installasjonen opp igjen. Men då må den stå på same stad som før.

Kunstverk Kvam

HER OG BERRE HER: Kunstverket i Kvam må setjast opp igjen på same staden som der det først vart reist, meinar kunstnarane i FFB.

Foto: Paul Kleiven, Paul Kleiven / NTB scanpix

Debatten om kva som skal skje med det omstridte kunstverket i Kvam held fram. Sist veke vart det tatt ned av tryggleiksmessige omsyn etter at nokon gjorde hærverk mot det.

Les også: Da er kunsten fjernet

Så tok ei gruppe lokale næringslivsfolk i Kvam til orde for å setje det opp igjen, men då helst på ein annan stad enn der det stod fyrste gongen.

Les også: Omstridt kunstverk kan bli suvenirer og trekkplaster

No vil kunstnarane bak prosjektet setje det opp igjen, men berre på same staden som det fyrst stod.

– Det er jo eit stadsspesifikt verk, og det vi jobbar med er ein fontenestruktur på akkurat denne staden, seier Eystein Talleraas som er ein av kunstnararne bak det halvferdige kunstverket.

– Så for oss er det heilt sentralt at det er denne staden det handlar om.

Arkitektkollektivet under en pause i arbeidet

KOLLEKTIVET I ARBEID: «Fellesskapsprosjektet å fortette byen» (FFB) står bak det uferdige kunstverket i Kvam. Arkitekt- og kunstnergruppa består av Eystein Talleraas (f.v), Håvard Arnhoff og Joar Nango. Biletet er tatt under eit arbeid i Karasjokk i 2011.

Foto: Marit Sofie Holmestrand / NRK

Ikkje tida for krav

Det uferdige kunstverket har fått tittelen «European Exchange», og er eitt av ni kunstverk i Vegskille-prosjektet til Oppland Fylkeskommune. Til no har kunstverket kosta 400 000 offentlege kroner fordelt på stat, fylkeskommune og kommune. Då Nord-Fron kommune tok det ned sist veke sa ordførar Rune Støstad i Nord-Fron at kunstverket ikkje var sikra godt nok. Derfor måtte det ned.

No er ordføraren langt i frå sikker på at det er ein god idè å setje kunstverket opp på same staden som det først stod:

–Det som er viktig no er at vi kjem i dialog om å finne ei ei god løysing for alle. Det gjer vi best gjennom å innvolvere folk i Kvam og forankre prosjektet i lokalsamfunnet.

Han trur ikkje det er lurt av kunstnarane å insistere på den same lokaliseringa.

– Dette er ikkje tida for å stille krav, seier Støstad.

Elefanten i rommet

I går arrangerte Oppland Fylkeskommune det dei kalla sluttkonferanse for Vegskille-prosjektet. Ingen av ordførarane i dei fem involverte gudbrandsdalskommunane tok seg tid til å stille i konferanserommet på Vinstra, der fylkesbyråkratar og kunstnarar stort sett sa seg nøgde med eigen innsats.

Evaluering av Vegskille

KURATOREN OG «MAMMUTEN»: Eivind Slettemeås har vore ein av to kuratorar for prosjektet Vegskille. Mammuten» på Fåvang og «European Exchange» i Kvam er to av prosjekta han har hatt ansvaret for. I går vart Vegskille evaluert under sluttkonferansen på Vinstra.

Foto: arne sørenes / nrk

Men Eystein Talleraas frå FFB kalla sitt eige prosjekt på Kvam for elefanten i rommet.

– Ingen snakkar om det, og det er jo det einaste prosjektet som ikkje er ferdigstilt, sa Talleraas på konferansen, og la til at FFB er svært glade for initiativet frå næringslivet i Kvam om å setje kunstverket opp igjen.

Men på spørsmål frå NRK om det er uaktuelt for FFB å setje kunstverket opp ein annan stad i Kvam, var svaret klart:

–Ja, sånn som det er no, så er det det.

Kvamkunst: Skaper interesse før det er ferdig

MANGE MEININGAR: Det uferdige kunstverket «European Exchange» skapte mykje engasjement den korte tida det sto i Kvam.

Foto: Terje Gording Hong / NRK