Hopp til innhold

"Halve Noreg" såg mjøssendingane

Halvparten av alle som såg på TV førre veke, såg Sommeråpent frå mjøskanten.

Seilas lørdag, Skibladner minutt for minutt

SEILAS laurdag minutt for minutt.

Foto: Larss Erik Skrefsrud / NRK

Tirsdag 12. juli var det premiere på årets Sommeråpent frå Kapp, og prosjektleiar Torbjørn Sarre Jensen og hans team var spente på dei fyrste sjåartala.

Høge sjåartal

–593 000 såg premieren på Sommeråpent, og det er gode tal til å vera midt på sommaren, seier Espen Blystad i analyseavdelinga til NRK.

1,8 millioner har vært innom tv-sendingene fra Mjøsa

Sommeråpentpremieren i fjor hadde noko høgare tal, med 604 000 sjåarar, men då var sendinga tidlegare på sommaren, så det er vanskeleg å samanlikne tala direkte.

–Totalt sett er vi kjempegodt nøgd med sjåartala, seier Sarre Jensen.

Høg marknadsdel

Prosjektleiaren for Skibladner minutt for minutt, Thomas Hellum, er også veldig godt tilfreds med sjåartala.

Han frykta at når folk hadde sett ein seilas på Mjøsa, så hadde dei sett nok.

–Det er trass alt eit avgrensa geografisk område, særleg om ein samanliknar med fjorårets seilas langs kysten, seier Hellum.

Kåre Magnus Bergh og Jeannette Platou leder Sommeråpent Hamar

Kåre Magnus Bergh og Jeannette Platou frå Sommeråpent på Hamar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Men sjølv om sjåartala for På vei til og Sommeråpent har ei dalande kurve utover veka, så har dei samla ein marknadsandel på rundt 50 prosent, og det er både Sarre Jensen og Hellum svært godt nøgd med.

–Det er gledeleg å sjå at folk hekk med utover veka, seier Thomas Hellum, prosjektleiar for Skibladner minutt for minutt.

Sjølv har han lært mykje om Mjøsa og omlandet og funne mange vakre perler på ferda.

–eg har også vorte kjent med ord og uttrykk frå prøysensongar som før berre var ord og uttrykk, no er dei vakre plassar på jorda, seier Hellum.

–Dei 20 mest sette

  1. NRK Sommeråpent 12.07. Sjåarar - 593 000. Marknadsdel 50,8 prosent
  2. NRK Sommeråpent, 13.07. Sjåarar - 590 000. Marknadsdel 51,5prosent
  3. NRK Sommeråpent 14.08. Sjåarar - 551 000. Marknadsdel 50 prosent
  4. NRK Sommeråpent 16.07. Sjåarar - 507 000. Marknbadsdel 46,3 prosent
  5. NRK På vei til: Kapp. Sjåarar - 497 000. Marknadsdel 53,8 prosent
  6. NRK Sommeråpent 15.07. Sjåarar - 495 000. Marknadsdel 43,8 prosent
  7. NRK På vei til: Lillehammer. Sjåarar - 469 000. Marknadsdel 52 prosent
  8. NRK På vei til: Gjøvik. Sjåarar - 444 000. Marknadsdel 48 prosent

Flere saker fra Innlandet