NRK Meny
Normal

- Startar E6-utbyggjing neste år

Opprustinga av den ulykkesbelasta strekninga mellom Øyer og Tretten kan starte allereie neste år.

Vei
Foto: Picasa 2.0 / NRK

Det skriv VG i forkant av at statsbudsjettet blir lagt fram i dag.

I alt skal 17 milliarder kroner brukast på vegane i 2009, noko som gjer at 12 større vegprosjekt som kostar over 100 millionar kroner kan startast.

Mykje tyder på at fleire strekninger i Hedmark og Oppland vil bli prioritert i statsbudsjettet.

Bompengar

Det som foreløpig er klart er altså at opprustinga av E6 mellom Øyer og Tretten kan starte allereie det komande året.

Men ifølgje avisa forutset dette at lokale krefter tillet at delar av opprustinga blir finansiert med bompengar. I dei opprinnelege planane for utbyggjinga er det lagt opp til at halvparten kostnadane skal hentast gjennom bompengar.

Dersom byggjinga startar allereie neste år kan den nye vegen opne i 2012.

- Ein gledens dag

Ordførar i Øyer, Mari Botterud, seier at dette er ein gledens dag. -Endeleg skal vi få ein sikrare veg mellom Øyer og Tretten.

Bompengefinansiering må til, og det har vi allereie gjort vedtak om her i Øyer, seier Botterud.

- Betre trafikksikring

I budsjettlekkasjen i VG i dag kjem det også fram at ein drøy milliard kroner skal brukast til tryggleikstiltak i trafikken.

Dette fører til at det blir meir pengar til brøyting og strøing.

Den planlagte gjennomsnittsmålinga av fart på E6 i Gudbrandsdalen er også ein del av denne satsinga.