Hopp til innhold

- Drapstiltalt var psykotisk

Statsadvokaten meiner at ein 42 år gammal mann, som har innrømt å ha teke livet av kona si, var utilrekneleg i gjerningsøyeblikket. Dei meiner derfor at han bør dømmast til tvungent psykisk helsevern.

Drap i Skreia

Ein 42 år gammal mann har innrømt å ha teke livet av kona si 24. september 2009.

Foto: Jon Olav Andersen / Scanpix

Det var den 24. september i fjor at ei 38 år gammal kvinne vart funnen død på Skreia i Østre Toten.

Den 42 år gamle ektemannen har innrømt at det var han som tok livet av kvinna ved å slå ho fleire gonger i hovudet med ein hammar.

– Utilrekneleg

Nå er tiltala mot mannen klar. Der kjem det fram at statsadvokatene i Hedmark og Oppland meiner at han bør dømmast til tvungent psykisk helsevern.

– Vi meiner det er bevist at han tok livet av ektefellen sin hausten 2009. Ut frå sakkyndige vurderinger må ein leggje til grunn at han var utilrekneleg i gjerningsøyeblikket. Derfor meiner vi at han bør dømmast til behandling, seier statsadvokat Bodil Torp Myhre.

Endra rutinene

Sjukehuset Innlandet fekk mykje kritikk etter drapet fordi han vart avvist ved deira avdeling for psykisk helsevern på Reinsvoll i forkant av drapet.

Dei har i ettertid endra sine rutiner slik at ingen psykiatriske pasientar skal sendast heim før dei har vorte vurdert av ein spesialist.

Sjølv om den 42 år gamle mannen var psykotisk i gjerningsøyeblikket, og dermed ikkje kan dømmast til fengsel, vil rettssaka likevel gå som normalt i Gjøvik tingrett. Den startar 21. juni og vil halde på i fire dagar.