Men kommunelege I i Vadsø, Margrethe Vaagland, savner en større satsing på selve flytilbodet. I oktober vurderte Helsetilsynet i Finnmark å opprette tilsynssak mot Helse Nord, fordi det fleire gong har skjedd at pasientar ikkje får luftambulanse ved akutt psykisk sjukdom.
Saknar flytilbod
No har helseføretaket sett i gang fleire tiltak for å få på plass eit forsvarleg ambulansetilbod til denne pasientgruppa. Kommunelege 1 i Vadsø, Margrete Vaagland synst tiltaka er greie, men saknar altså eit betre flytilbod. Informasjonsdirektør i Helse Nord, Kristian Fanghol støttar ikkje den prioriteringa.
Fungerande fylkeslege Beathe Lupton har følgd denne saka frå Helsetilsynet si side, og synst dei nye tiltaka er gode
Betre kompetanse
I første omgang vil altså Helse Nord betre kompetansen om psykisk sjukdom for dei som jobbar med desse pasientane i alle ledd.
Men kommunelege Vaagland synst ikkje det er nødvendig å bruke ressursar på kompetanseheving i den kommunale helsetenesta. Der kjenner dei kanskje for godt til kor vanskeleg det er å få sendt akutt sjuke psykiatriske pasientar til behandling i Tromsø