NRK Meny

Svakare vind kan lette leitinga

Leiteaksjonen etter skiløparen som er sakna mellom Alta og Kautokeino held fram. Operasjonsleiar Håvard Martinsen seier til NRK at det kan bli lettare å leite etter skiløparen i løpet av natta. – Sjansane vil truleg bli best mellom klokka 06 og 08. Vinden vil variere utover natta, men vil truleg gå ned frå 30 til 27-28 meter i sekundet, seier Martinsen.