Hopp til innhold

Åtvarer mot vanskelege køyreforhold

Obs-varsel: Natt til måndag er det venta temperaturar under null, som i kombinasjon med nedbør kan gi vanskelege køyreforhold over ca. 400 meter.

Værkart Finnmark

KALDT: Dei blå felta viser kor temperaturen er venta å kome under null grader, natt til måndag.

Foto: Metorologisk institutt

Meteorologisk institutt har ferda ut eit obs-varsel som gjeld for Salten, Ofoten, Sør-Troms, Nord-Troms, Kyst- og fjordstrøka i Vest-Finnmark og Finnmarksvidda og Saltfjellet.

I Finnmark er det for det meste i Vest-Finnmark, mot grensa til Troms at det er venta vanskelege køyreforhold.

Det er venta byer natt til måndag, som kan kome som snø eller sludd over ca. 400 meter.

– Regnbyer tidlegare på kvelden, i kombinasjon med lave temperaturar, kan føre til glatt vegbane, fortel meteorolog Rafael Grote ved Vêrvarslinga i Tromsø.

– Bilistar bør derfor vere varsame, og halde eit auge med termometeret i bilen, seier Grote.

Men dette betyr ikkje at vinteren er på veg for fullt. Til veka er det venta at temperaturane i Finnmark vil auke, og halde seg på fem til åtte grader.

– Det ser ut som det blir ganske stabilt vêr.

I indre strøk, sør på vidda, kan det til veka kome under null grader nattetid, grunna klårvêr.