Nok ein gong har dyrevernaktivistar tatt seg ulovleg inn i fjøsa til norske svinebønder. Bilda viser grisar som vassar i møkk, grisar med avbitne halar og store opne sår, og sjuke, døde og levande grisar i same binge.
– Eg blir skikkeleg irritert når eg ser kor graverande dette framleis er. Eg blir mållaus, seier landbruksministeren.
NRK viser henne opptaka på storskjerm i eit møterom i Landbruksdepartementet.
– Regelverket er krystallklart. Difor blir slike bilde utruleg sterke.
– Forstår du at nokon kan vere i stand til å drive på denne måten?
– Eg er ekstremt opptatt av dyrevelferd, og derfor så er det vanskeleg for meg å forstå.
Forstår aktivistane
NRK publiserte i helga utdrag frå eit omfattande bildemateriale som er tatt av dyrevernaktivistar. Dei har tatt seg ulovleg inn i fjøsa om natta.
Fleire av bøndene har sentrale posisjonar i politikken, i organisasjonslivet og i slakteria.
– Fallhøgda er større for dei som har posisjon, seier Bollestad
Metoden til aktivistane er omstridt. 24 av bøndene som er oppsøkt av aktivistane har meldt forholdet til politiet.
Landbruksministeren er skeptisk til metoden, men forstår aktivistane.
– Eg forstår engasjementet til dei som ønsker å vise at dei er opptatt av dyrevelferd, seier statsråden.
Også fiskeoppdrett
Landbruksministeren vil no ha full gjennomgang av heile næringa. Ho varslar at det vil kome ei stortingsmelding om dette.
Meldinga vil ta for seg alle dyreartar, og vil også handle om kjæledyr og fiskeoppdrett.
– Vi vil vurdere om lovverket er godt nok. Om forskriftene er gode nok, og om Mattilsynet har dei rammer og dei verktøy dei må ha for å kontrollere dei som produserer maten vår, seier Bollestad.
– Det er 20 år sidan sist vi hadde ein samla gjennomgang. Svært mykje er forandra når det gjeld matproduksjonen på dei åra, seier Bollestad.
Sjå reportasjen frå Lørdagsrevyen