Hopp til innhold

Ber 190 land om hjelp til å løyse gåta

No sender Kripos alle opplysningar om Isdalskvinna ut til 190 land, og gjev dei tilgang til DNA-profilen hennar. Kan DNA-et røpe kven ho var?

Etterlysning av Isdalskvinna

Dersom pårørande sitt DNA ligg lagra i eit anna land kan mysteriet bli løyst.

Foto: Gard Brox Jensen / NRK

– Då startar vi med å legge inn kjønnet i skjemaet her.

Maj Nordskaug, seniorrådgjevar i Kripos, tastar alle opplysningane som finst om Isdalskvinna inn i eit skjema. Snart skal ho trykke send. Då går meldinga som er kalla «Black Notice» ut til 190 land, via Interpol – verdas største internasjonale politiorganisasjon.

– Det nye er at vi endeleg har fått ein DNA- profil. Målet med å sende ut no er at ho er meldt sakna, og at det er henta inn DNA frå pårørande så vi får treff.

Kripos

Maj Nordskaug i Interpol-kontoret til Kripos sender alle kjende opplysningar om Isdalskvinna ut i verda.

Foto: Gard Brox Jensen / NRK

Isdalskvinna vart funnen død i Isdalen i Bergen i 1970. Ho hadde brukt falske namn, og til og med merkelappane på kleda hennar var fjerna. Politiet etterforska breitt, men klarte ikkje å finne ut kven kvinna var.

I 2016 fann NRK og rettsmedisinar Inge Morild vevsprøvar og tenner etter kvinna. Kanskje kan DNA-et hennar gje svar på eit av dei største kriminalmysteria i Noreg.

– Sånn! Då er den sendt.

Kven er den døde?

I Noreg er det Kripos si ID-gruppe som jobbar med å slå fast identiteten til døde menneske. Det kan vere i store ulykker der fleire har mista livet, eller om det er funne døde ein ikkje veit kven er, og det er sjeldan sakene er mystiske som Isdalssaka.

– ID-gruppa jobbar med rundt 150 saker i året. Det vanlegaste er personar som er funne heime, har omkome i trafikkulykker eller brann, seier leiaren for gruppa, Per Angel.

Per Angel, tidligere leder av Kripos ID-gruppe.

Leiaren av Kripos si ID-gruppe, Per Angel, vil ikkje avskrive sjansane for at det kan bli treff når dei etterlyser Isdalskvinna internasjonalt.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Rettsmedisinarar, tannlegar, fingeravtrykksekspertar, kriminalteknikarar og taktiske etterforskarar jobbar i gruppa.

– Vi samanliknar opplysningar om døde menneske med informasjon som vi har henta inn om sakna personar, seier Angel.

Opplysningane kan vere alt frå informasjon om tenner, fingeravtrykk, DNA, arr eller tatoveringar. Om svaret ikkje finst i Noreg sender dei ut «Black Notice».

– Vi har heldigvis ikkje mange saker vi ikkje finn svaret på.

Men Isdalskvinna har vore eit mysterium i snart 47 år. Angel vil ikkje avskrive moglegheita for at det kan kome svar på kven Isdalskvinna var.

– Dersom vedkommande er meldt sakna i eit land, og dei har revidert registeret over sakna, sett at dei ikkje har DNA frå pårørande og henta det inn. Så kan det hende det er kome inn no, og vi får treff.

– Vi får håpe nokon saknar henne

Det finst fleire døme på at saker er blitt løyste ved hjelp av «Black Notice». I 2015 vart ein mann funnen død i ei forfallen hytte i Bodø. Det var ingen her i Noreg som hadde meldt han sakna, og ID-gruppa sende ut informasjon via Interpol. Ved hjelp av DNA fann dei svaret i Frankrike.

– Det kan ta lang tid å få svar, det er heilt vanleg, seier Nordskaug.

NRK jobbar kontinuerleg med å finne svar på kven Isdalskvinna var. I Innsbruck har professor Walther Parson gjort undersøkingar av DNA frå vevsprøvar av henne på oppdrag frå Folkehelseinstituttet. Undersøkingane viste at Isdalskvinna var frå Europa. Difor har Kripos sendt ei ekstra oppmoding til europeiske land om å sjekke sine register.

Fleire undersøkingar er i gong. Og kanskje tikkar det inn svar på «Black Notice»- meldinga.

– Vi får håpe nokon saknar henne.

Les og sjå alt om Isdalskvinna her.