Hopp til innhold

Tre arrestert for biltjuveri

Tre menn i 20 og 30-åra er arrestert og sikta for innbrot og tjuveri av tre bilar frå eit bilfirma på Gulskogen i Drammen. Bilane skal ha forsvunne i løpet av natta. Operasjonsleiar ved politiet i Drammen fortel at to av dei tre bilane som vart stole var funne på Strømsø og Austad – og at blant anna hundesøk gjorde at dei kunne arrestere dei tre personane som er mistenkte for biltjuveriet.