Trappetrening eksploderer: – Vikersundbakken går berre som slanketrappa

VIKERSUND (NRK): I Vikersund går trappene i hoppbakken berre som «slanketrappa» på folkemunne. Over heile landet har trappetrening tatt av dei siste åra.

Slanketrappa

I Vikersundbakken går folk dei 1078 trappetrinna både seint og tidleg. Å ta seg ein økt i slanketrappa blir det kalla i bygda fortel Aina Grimnes og Tonje Madeleine Andersen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– For det fyrste er det herleg å utfordre seg sjølv og kjenne at ein kjem i betre form.

Tonje Madeleine Andersen gliser i det ho startar på dei 1078 trappetrinna opp verdas største hoppbakke. På ein heilt vanleg måndagsmorgon er ho ei av mange som startar dagen med ein tur opp trappene til hopptårnet.

– Uansett når du er her på dagen ser du folk som trenar i bakken, seier ei av dei, Katrine Hovda, som er leiar på treningssenteret i bygda.

Over 70.000 passeringar

I Lysgaardsbakken på Lillehammer sette dei i fjor opp teljeapparat. Over 70.000 passeringar viste apparatet på fem månadar frå juni til desember.

– Me var nesten sjokkert over at det var så mange. Det er veldig populært for alle typar folk, seier folkehelsekoordinator i Lillehammer kommune, Bengt Fjeldbraaten.

Lysgaardsbakken

936 trappetrinn har du å bryne deg på om du går opp OL-bakken frå 1994, Lysgaardsbakken.

Foto: Line Fosser Vogt / NRK

Også i Holmenkollen i hovudstaden har treningstrenden berre blitt større og større dei siste åra. Sidan 2013 har treningsgruppa Trappefolket hatt treningar kvar einaste måndag. I starten var dei 11, nå er dei 125 i gjennomsnitt og har vore over 200 personar på enkelte treningar.

– Pågangen har vore så stor at me har auka til to treningar i veka. Me tullar med at me har sprettrumpegaranti og da kjem damene. Nå er me like mange menn som kvinner, fortel Lasse Rypdal som starta gruppa.

Torsdag 23. mai arrangerer dei også trappeløpet Kollentrappa opp som har vakse seg til eit deltakartal på over 800 dei siste åra.

Kollentrappa

294 måndagar på rad har dei hatt trappetrening i Holmenkollen. Sjølv om det er julaftan, påske eller 17. mai er dei ein gjeng som jaktar mjølkesyra i hoppbakken.

Foto: Trappefolket / Privat

I Granåsen i Trondheim kan dei også bekrefte trenden.

– Det er mange grupper på sosiale medium som organiserer trappetrening i hoppbakken. Det har nok hatt ein aukande popularitet dei siste åra, seier Knut Kvaram, leiar for idrett og friluftsliv i Trondheim kommune.

Puls-Yngvar: – Alle kan trene i trapper

Grunnen til at treningsforma er blitt så populær er mange, meiner treningsekspert Yngvar Andersen.

– Det passar for så å seie alle, og det utfordrar nærmast alle. Det er tungt, men det er skånsamt og mykje mindre belastande for beina enn å springe flatt, seier Andersen.

Yngvar i hoppbakken

Yngvar Andersen meiner trappetreninga er både god styrke- og kondistrening som passar for alle. Og er langt mindre belastande enn å springe flatt.

Foto: Astrid Waller

Sjølv brukar han stadig trapper som ein del av treninga, gjerne saman med heile familien.

– Det er ein veldig sosial treningsarena, der alle kan trene på ein stad og ha pausar saman. Det er lett å konkurrere mot seg sjølv og det er ufatteleg effektivt, meiner treningseksperten kjent frå Puls.

Pass på mjølkesyra

Han meiner alle kan finne trening som passar i trapper. Han nemner intervalløkter med drag på eit par minutt, eksplosive øvingar der ein tek fleire trinn om gongen og ulike styrkeøvingar.

– Berre å gå opp trappa kan vere ei god treningsøkt. Men om ein har blitt frelst av trappetrening må ein hugse på at det kan vere lurt å variere og kanskje ikkje ha for mange tunge økter i veka. Å gå rundt å vere konstant støl er jo ikkje optimalt for verken kondisen eller treningslysta.

Vikersundbakken

På toppen av Vikersundbakken ventar god utsikt og ofte eit bilde for å dokumentere økta for Aina Grimnes og Tonje Madeleine Andersen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

I Vikersundbakken ventar den vante gevinsten på toppen. Panoramautsikt over bygda, Tyrifjorden og bein som verkeleg har fått køyrd seg.

– Det må jo vere bra for sirkulasjonen i heile dama. Det er gøy og kjenne at eg har litt guts enda, smiler Vigdis Vangen Skaalien (68).