– Eg merka meg nokre positive ting i dommen. Eg har snakka med Breivik og oppfattar at han vil anke, seier Breiviks forsvarar Øystein Storrvik til NTB.
Retten meiner vilkåra for prøvelauslating ikkje er oppfylte, og kravet om lauslating blir derfor ikkje teken til følgje. Dommen er einstemmig.
Advokat Øystein Storrvik er Breiviks forsvarar.
Foto: Caroline Utti / NRK– Retten noterer ei positiv utvikling frå hans side på nokre viktige punkt. Vi noterer oss det sjølv om vilkåra for prøvelauslating ikkje er til stades etter meininga til retten, seier Storrvik til Aftenposten.
Prøvelauslating på strenge vilkår
Terrordømde Anders Behring Breivik kravde seg lauslate i november.
Storrvik bad retten prøvelauslate Breivik på strenge vilkår, på linje med andre forvaringsdømde som blir ført tilbake til samfunnet.
Breivik sonar under eksepsjonelt strenge forhold i tryggingsavdelinga til Ringerike fengsel. Han sonar ein dom på 21 års forvaring med ei minstetid på ti år.
– Ingen har utført like alvorlege handlingar
Statsadvokat Hulda Olsen Karlsdottir bad retten om ikkje å ta kravet om prøvelauslating til følgje. Ho minte om kva Breivik har gjort – at han drap 77 menneske og såra 42 22. juli 2011.
Ho viste til at ein i fleire europeiske land opererer med livsvarig fengsel for mange grove lovbrot, men at ein i Noreg har forvaring som verktøy for å hindre at særleg farlege lovbrytarar blir sleppte ut av fengsel.
– Det finst ingen gjerningsmann i Noregs land som har utført like alvorlege handlingar, sa Karlsdottir i retten.
(NPK)