Hopp til innhold

Stikk av for millionar årleg

Kvar einaste dag stikk folk frå bensinrekninga si.

Bensintyv

Her fyller ein person opp tanken før han set seg i bilen og køyrer utan å betale.

Foto: Tordis Gauteplass/NRK

Stein Erik Larsen

Vår oppgåve er å identifisere bileigaren, seier Stein Erik Larsen.

Foto: Tordis Gauteplass/NRK

Dei fleste har ikkje uærlege hensikter, men gløymer det rett og slett. Andre er notoriske bensintjuvar som gjer det dei kan for ikkje å bli oppdaga. Men før eller seinare går dei i fella.

Til saman stikk folk frå bensinrekningar for 50 millionar kroner kvart år. Det meste blir likevel betalt tilbake.

Les også:

Ser deg

I firmaet Pixima AS i Drammen, blir videobilder frå overvåkingskamera frå 80 bensinstasjonar granska nøye.

– Vår oppgåve er å identifisere bileigaren, seier dagleg leiar Stein Erik Larsen, som sender opplysningane videre til ulike inkassoselskap.

Larsen fortel at dei i gjennomsnitt har 60 tilfeller kvar veke av såkalla pumpestikk hjå sine kunder.

Overvåkningsbilder fra bensinstasjon

Firmaet Pixima AS ser på bileter frå overvåkingskamera.

Foto: Tordis Gauteplass

Fjernar bilskilt

Skulle du uforvarande ha gløymd å betale for bensinen du har fylt, må du altså rekne med at det etter kvart dukkar opp eit brev i posten med anmodning om å gjere opp for deg.

Dei fleste synest dette er flaut, og betaler tilbake. Det er dei siste 10 prosenta, som ikkje gjer opp for seg, som er problemet. Dei plukkar gjerne av bilskilta, opererer med falske skilt eller kanskje til og med har stolen bil. Dette er såkalla gjengangarar som er vanskelege å ta.

John David Øvre

John David Øvre er dagleg leiar ved Kjellstad Bilsenter.

Foto: Tordis Gauteplass/NRK

– Ofte blir dei uforsiktige etter kvart og slappar meir av. Då greier me å avsløre dei, røpar Larsen, som melder alle slike gjengangarar til politiet.

Det er ved bensinpumpene der ein betaler i kassa, at dette problemet oppstår.

Stikk av fra rekninga dagleg

Dagleg leiar ved Kjellstad Bilsenter, John David Øvre, fortel at dei opplever dagleg at folk stikk frå rekninga.

Problemet kunne vore løyst ved å gjere om alle pumpene til kortautomatar, men det er heller ikkje nokon god ide.

– Me vil jo gjerne ha folk inn i butikken, smiler Øvre. Noko må jo me også tene pengar på, seier Øvre.