Hopp til innhold

Ventar 14 skjelpadder i september

I ein knapp månad har dei tilsette i Bjørneparken halde fingrane i kryss i håp om å få nye bebuarar.

Egg av skilpadde lyst i rød farge.

Raude skjelpaddeegg er gode nyheiter for Bjørneparken i Flå.

Foto: Privat

For nokre veker sidan vart det gjort ei gledeleg oppdaging i Bjørneparken i Flå.

Ei afrikansk sporeskjelpadde hadde valt å leggje heile 16 egg utandørs i skjelpaddeområdet i parken.

– Det kom som julekvelden på kjerringa. Me hadde ingen kunnskap om at ho faktisk var gravid, så det var ei ordentleg overrasking, sa direktør Kees Oscar Ekeli til NRK morgonen etter.

Kees Ekeli
Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Arten er utryddingstrua. Såleis er nye tilskot svært ønskt.

Egga vart tidleg plassert i ein inkubator, slik at dei skulle få best mogleg sjanse til å utvikle seg.

Blir det skjelpaddeungar?

Sidan då har dei tilsette i parken gått på vent. Håpet har vore at egga skulle vise seg å vera befrukta, slik at parken om ei stund kan ta i mot skjelpaddeungar.

No er svaret her. Gjennomlysing viser at i alt 14 av dei 16 egga er befrukta.

Les også Truet skilpadde la egg – trolig første gang i Norge

– Det er kjempegøy. Me er stolte over at me har fått til dette. Det betyr mykje for oss internt, som jobbar med dyr heile tida. Dette er på ein måte ei stadfesting av at me har gjort ting riktig. Ein siger som viser at me har lykkes med å sørge for at skilpaddene våre har det bra, seier Ekeli.

Egg av skilpadde lyst i rød farge.
Et bilde av skilpadde egg som lyser gull

Dei gule egga er ikkje befrukta, medan dei raude er befrukta. Egga blir raude fordi det har begynt å danne seg eit individ på innsida. Viss ein ser nøye etter kan ein også sjå at det er i ferd med å danne seg små raude blodårer.

Foto: Bjørneparken

Den vertande skjelpaddemora er ei av tre afrikanske sporeskjelpadder som kom til Bjørneparken i fjor haust, etter eit beslag gjort av Mattilsynet.

I vår vart dei tre del av ei utandørs skjelpaddeutstilling i parken.

– Ho la egga ganske med ein gong etter at ho kom ut i utstillinga. Så me var redde for at det var litt for tidleg - at ho ikkje hadde blitt para og befrukta. Så då var det gledeleg når me no endeleg kunne sjå utvikling i egga.

De to afrikanske sporeskilpaddene som muligens skal bli foreldre.

Dei to skjelpaddene som ventar ungar.

Foto: Lillian Randby

Ny ventetid

Egg frå afrikanske sporeskilpadder brukar kring 100 dagar på å utvikle seg ferdig. Sjølve klekkinga vil dermed truleg ikkje skje før i midten av september.

Fram til då får egga utvikle seg i fred i ei rugemaskin.

Les også Fant sjelden skilpadde i fjæra: – Trodde nesten ikke mine egne øyne

– Desse skilpaddene grev vanlegvis ned egga sine i bakken og let dei liggje der utan å snu dei. Difor vil me ikkje forstyrre dei noko særleg, no som me har fått stadfesta at dei er befrukta. Me har kontroll på temperatur og luftfuktigheit. Så dei får i grunnen det same miljøet som dei ville fått om dei var grave ned i bakken i Afrika.

I Bjørneparken i Flå har en utrydningstruet skilpadde nå lagt egg. Det er trolig første gang denne arten legger egg i naturen i Norge.

I Bjørneparken i Flå har ein utrydningstruet skjelpadde nå lagt egg. Det er trolig første gang denne arten legger egg i naturen i Norge.

– Er det fare for å miste nokon av dei? Eller er de sikre på at alle vil klekke?

– Me har jo ikkje gjort dette før. Men me har gjort det med krokodiller og slikt. Me fekk nesten 30 krokodilleungar for to år sidan, med høy suksess. No gjer me det på ein tilsvarande måte. Så i utgangspunktet trur me at alle vil klekke, seier Ekeli.

No går dei tilsette i Bjørneparken ei ny ventetid i møte. Denne gongen kryssar dei fingrane for 14 små skilpaddesøsken i september.