Hopp til innhold

Rask rettsprosess

Ein utanlandsk statsborgar som vart stansa for ruskøyring på Slemmestad i Røyken i går tidleg, blir truleg sendt rett i fengsel i dag. Føraren blåste i alkometeret og det viste seg at promillen var 1,5. Fordi politiet ikkje ville at mannen skulle forlate landet vart han halde i arresten, og han får dommen sin allereie i dag.