Hopp til innhold

Pendlarar kan koke over. Slik held du hovudet kaldt.

– Drikk vatn, kle deg etter vêret og finn skugge, anbefaler lege Wasim Zahid.

Buss for tog i Drammen
Foto: Anders Martin Helle / NRK

Det er buss for tog på Drammenbanen og Østfoldbanen i sommar. For reisande på veg til jobb eller ferie betyr dette mellom 30 og 60 minuttar lenger reisetid. Nokre dagar kan det og bli kø på veg til bussane i rushtida. Samstundes melder yr.no varme dagar i tida framover. Det kan gjere reisa ubehageleg varm for mange.

Marianne Skåre

VARMT MED BUSS FOR TOG: Togpassasjer, Marianne Skåre, fortel at er varmt å vente på buss for tog i desse dagar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det er godt og varmt å køyre buss for tog no, seier togpassasjer i Drammen, Marianne Skåre.

Ho fortel at det har blitt ein del venting, men at det stort sett har gått greitt.

Pendling uheldig for helsa

Lege ved Oslo universitetssjukehus, Wasim Zahid, fortel at pendling generelt viser seg å vere uheldig for helsa.

– Folk som pendlar mykje har i større grad ei tendens til å ete usunn mat, seier han.

Likevel understrekar han at pendling ikkje er helsefarleg dersom det berre er snakk om ei kort periode i livet.

Tre gode tips

Legen har tre tips til pendlarar som skal stå i kø i sommarvarmen.

1. Kle deg etter vêret

– Det viktigaste å ha med seg på ein slik dag er solbriller og kaps. Lyse og luftige klede som dekkjer huda hjelper og, fortel Zahid.

2. Ta med ei kald flaske vatn

Om du er sliten etter ein lang dag på jobben bør du ha med deg ei flaske med kaldt vatn.

Wasim Zahid

LENGER REISETID AUKAR IKKJE HELSESKADAR: Lege Wasim Zahid fortel at pendling er uheldig for helsa. – Men ein kortare periode med auka reisetid gir ikkje auka fare for helseskadar, seier han.

Foto: Anniken Eidem / NRK

– Det er viktig å passe på at du får i deg nok væske slik at du er godt hydrert, poengterer legen.

– Eg har ikkje tatt med meg noko ekstra vatten til turen, men med tanke på denne varmen, burde eg nok ha gjort det, seier togpassasjer Marianne.

Det er spesielt eldre og barn som er utsett i varmen.

– For enkelte kan det bli farleg å stå ute i for sterk sol. Då kan kroppen bli overoppheta og gi symptom som svimmelheit og kvalme. For nokon kan det bli so ille at dei blir dehydrerte og svimar av. Men det er ganske sjeldan, forklarar Zahid.

3. Finn skugge

– Om du er sliten etter jobb vil dei fleste trekke vekk frå sola og inn i skuggen, forklarar legen.

Gudrun Rykke Almenningen

FØRETREKKAR SKUGGE: Gudrun Rykke Almenningen, trekk heller inn i skuggen, framfør å stå i solsteika å venta på buss for tog.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Gudrun Rykke Almenningen, som pendlar frå Drammen til Oslo er ei av dei som føretrekkar skugge.

– Det er betre å stilla seg i skuggen i staden for å venta på bussen i solsteika, seier ho.

Du bør og bruke solkrem når du er ut i sola for å beskytte huda di, poengterer Zahid og legg til:

– Solstikk og heteslag er ikkje noko vaksne og friske menneske treng å uroe seg over i den norske sola.