Hopp til innhold

Naboar høyrde skrik og bråk

Naboar høyrde skrik og bråk då ei kvinne blei valdteken.

Politi
Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Politiet fekk melding om bråk og skrik i eit husvære i Drammen i 23-tida onsdag kveld.

Då hadde naboar høyrd bråk og støy i husværet og ei kvinne som skreik.

Dei meldte frå til politiet som fann ei forkommen 30 år gamal kvinne, men ingen andre i husværet.

Ein 31 år gamal kjenning av politiet blei seinare arrestert av politiet i husværet der han bur.

Båe er avhøyrt av politiet.

To andre valdtekter

I Søndre Buskerud politidistrikt er tre valdtekter blitt meldt til politiet det siste døgnet.

Den andre valdtekten som blei meldt til politiet skal ha skjedd i nærleiken av ein flyplass i Italia.

Den tredje valdtekten skal ha skjedd på Kongsberg. Ein mistenkt mann er pågripen av politiet og vil bli framstilt for fengsling fredag. 

Han er ikkje avhøyrt av politiet.