NRK Meny

Mykje fyll under festival

Politiet hadde travle netter under Elvefestivalen i Drammen, men ingen alvorlege hendingar skjedde. Ni personar blei tatt med av politiet, for fyll og bråk natt til søndag. Åtte personar blei bedt om å fjerne seg frå sentrum og to fekk bot for urinering. Natt til laurdag blei 14 personar vist bort frå sentrum, mens fire blei bringa inn for fyll.