Hopp til innhold

Martinius (18) imponerte i Formel 3-debuten

Martinius Stenshorne er fødd med bensin i blodet. Han køyrde seg kraftig opp i debuten i Formel 3.

Martinius Stenshorne er på plass i Bahrain, hvor han i helga debuterer i Formel 3.

Martinius Stenshorne er på plass i Bahrain, der han i helga debuterer i Formel 3.

Foto: Diederik van der Laan

I Formel 3-sirkuset køyrer gutane på dei same banane som i F1, dei svingar i løpet av sesongen innom både Monaco, Silverstone og Monza.

Bilane er litt annleis enn dei Max Verstappen & co. bruker i Formel 1, men går uansett svinfort.

– Det er mindre downforce, og så er venger og sånn mindre. Det går litt saktare på sletta, sjølv om vi køyrer i 300 kilometer i timen. Så det er ikkje mykje treigare, sa Martinius Stenshorne (18) til NRK tidlegare i veka.

I dag køyrde han seg opp elleve plassar i sesongopninga, men klarte akkurat ikkje å slå seg inn blant dei ti som tok poeng i sprintløpet i Bahrain.

Stenshorne køyrde inn til 11.-plass frå 22. beste startspor etter ei relativt svak kvalifisering torsdag, skriv NTB.

– Fantastisk levert, må vi kunne seie. Han har dratt på seg mykje erfaring allereie. Han har nok faita meir i dette løpet enn under heile fjoråret til saman, sa Viaplay-kommentator Aleksander Wiik.

Det blei ein kraftig kamp om sigeren i Bahrain. Ei handfull førarar bytte på å leie løpet. Til slutt gjekk svenske Arvid Lindblad sigrande ut.

Martinius Stenshorne forteller at oppsettet er litt annerledes i Formel 3 enn i Formel 1, men de kjører likevel i 300 kilometer i timen.

Martinius Stenshorne fortel at oppsettet er litt annleis i Formel 3 enn i Formel 1, men dei køyrer likevel i 300 kilometer i timen.

Foto: Privat

Knapt myndig

Martinius blei myndig berre for nokre veker sidan, men har køyrt «heile livet». Derfor har Hokksund-guten blitt ein av dei raskaste i verda på fire hjul.

Vegen opp til den ypparste eliten i Formel 1 er langt lenger enn dei 5,793 kilometrane rundt Monza-banen i Italia. Nålauget er utruleg lite, så berre det å få moglegheita i Formel 3 er ei stor bragd.

Martinius Stenshorne på Bahrain International Circuit i Sakhir.

Martinius Stenshorne på Bahrain International Circuit i Sakhir.

Foto: Diederik van der Laan

– Det blir gøy å sjå korleis det går. Det er ikkje så lett å sjå korleis alt vil fungere på testing, men eg gleder meg, seier Martinius før debuten.

Han signerte dei nødvendige kontraktane seint i fjor, berre 17 år gammal.

Formel 1-mål

Dei siste dagane har han førebudd seg til helgas løp i Bahrain, der han både har blitt meir kjent med banen – og dessutan fått kjensla av korleis bilen sit på han.

– Du har jo hatt eit tydeleg mål om formel 1, men kva er målet for denne sesongen?

– Eg har eigentleg ikkje sett noko mål ennå, anna enn å ha progresjon gjennom sesongen. Håpar på nokre bra resultat, men vi har ikkje sett oss nokon eksakte mål ennå.

Martinius er ein del av det britiske Hitech Pulse-Eight-laget, saman med Luke Browning og Cian Shields.

18-åringen har mykje bensin i blodet. Både faren Martin Stenshorne og bestefaren Arne Martinius Stenshorne var i noregstoppen i rally. Martinius fekk sin første gokart som fireåring og han vann noregscupen berre fem år seinare.

ff_Stenshorne

Martinius treng ikkje lenger berre sjå på, nå skal han køyre sjølv.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Kostnad: 12 millionar kroner

Martinius køyrde i fjor i den regionale europeiske meisterskapen, som er eit nivå mellom Formel 3 og 4.

Nå er han den første nordmannen i Formel 3 sidan Dennis Hauger, som køyrde der før han blei Formel 2-førar i 2022.

Motorsport er dyrt, og formel-klassane ligg ikkje akkurat i nedre sjikte økonomisk sett. 12 millionar kostar sesongen for Martinius Stenshorne, og rekninga tar sponsorar og investorar, skriv VG.

– Han er del av eit utruleg bra management, og når dei også investerer pengar i Martinius, betyr det at dei har enorm tru på han. Dei har hatt fleire førarar i stallen som har komme seg vidare til Formel 1, seier Viaplay-kommentator Atle Gulbrandsen til NRK.

– Så det seier litt når dei vil putte pengar i Martinius?

– Det seier veldig mykje, det betyr at dei har stor tru på han. Det er viktig for Martinius òg, for den reisa han har begynt på, mot Formel 1, den er frykteleg dyr.

Tøffare nivå

Gulbrandsen seier at er tøffare nivå på konkurrentane i år.

– Martinius overraska oss stort i fjor, ved å køyre utruleg bra. Eg trur han kan gjere det bra også i Formel 3, men det er samtidig vanskeleg med det første året, og han kjem til å møte førarar som har minst eit års erfaring i meisterskapen, seier han.

Da NRK møtte Martinius for nokre år sidan, var det ein sjølvsikker 15-åring som slo fast følgande:

– Eg skal bli Formel 1-førar.

Tørrtrening på gutterommet

Martinius (15): – Eg køyrer omtrent åtte timar kvar dag