Kongsberg videregående skole jobbar nå med å finne alternative løysingar for å kunne ta i mot elevar i august.
Skulen fekk store skader i flaumen.
Vil finne løysingar
Fungerande fylkesrådmann, Linda Verde, seier at brakker truleg vil erstatte dei fem øydelagte klasseromma.
I tillegg blei idrettshallen øydelagt.
Skulen arbeider nå med å finne alternative løysingar for fysisk aktivitet.
Vil reparere skadene
Rektor ved Kongsberg videregående skole, Kirsten Bøckman, veit ikkje kor lang tid det vil ta å reparere skadene.
- Men vi håpar at vi kan ha dei alternative klasseromma klare til skulen startar i august, seier Bøckman.