Hopp til innhold

Skal forske på heltane: – Tenkte ikkje over kva vi kasta oss ut i

Innsatsen til sivilbefolkninga ved Utøya-angrepet 22. juli 2011 blir studert av forskarar. Medan nokon gler seg til å sjå resultatet, har andre takka nei til å vere med.

Oddvar Hansen og Lill Hege Rostad reddet ungdom 22. juli

Oddvar Hansen var ein av dei som kasta seg i båten og redda ungdom i vatnet.

Foto: Monica Larsen Vegstein

Eg oppfattar det som seriøs forsking der ein undersøkjer kva som får oss til å reagere når menneske er i nød. Er det ein refleks? Ei impulshandling? Rekk ein å tenkje konsekvensar?

Det seier Oddvar Hansen til NRK.

Før naudetatane kom til staden, redda lokalbefolkninga, hyttefolk og feriegjester ungdommar opp frå vatnet og tok vare på dei på land.

Hansen og fleire av dei andre hjelparane deltek i forskingsarbeidet på innsatsen til frivillige når kriser oppstår. Hansen meiner forskinga anerkjenner den innsatsen frivillige gjer.

For vår del tenkte vi ikkje over kva vi kasta oss ut i då vi tok båten ut i Tyrifjorden for å redde livredde ungdommar frå Utøya. Vi rakk liksom ikkje å tenkje over det, vi berre gjorde det. Vi skjønte nokon trong hjelp, då er vi laga sånn at vi reagerer, fortel Hansen.

– Ein respons som skjedde på automatikk

Saman med forskarkollegaer i SINTEF, som leiar prosjektet, har Stian Antonsen ved NTNU Samfunnsforsking snakka med mange av dei som bidrog ved Utøya under terrorangrepet.

Stian Antonsen er forsker ved NTNU Samfunnsforskning

Samfunnstryggleiksforskar Stian Antonsen meiner det er ein avgjerande føresetnad for beredskapen å forstå kulturen i eit samfunn.

Foto: NTNU

– Det som overraska meg, var at dei ikkje brukte tid på tankar og vurderingar. Dei hamna berre rett i handling. Det var ein respons som skjedde på automatikk, det var ikkje noko alternativ, seier han til NTB.

Den responsen kjenner Hansen seg igjen i.

I ettertid kan ein kanskje seie at det var bra at vi ikkje tenkte for mykje, då ville vi kanskje vorte redde og trekt oss tilbake. Kanskje handlingslamma. Eg trur ingen veit sikkert korleis ein vil reagere før ein plutseleg står midt oppe i det. Ingen reagerer likt, seier Hansen.

Les også Nedslående resultater i ny Utøya-studie

Utøya

Stort internasjonalt forskingsprosjekt

Forskinga er ein del av eit større EU-prosjekt der åtte land ser på rolla til vanlege innbyggjarar under store katastrofar.

Forutan Noreg deltek Sverige, Frankrike, Spania, Italia, Israel, Belgia og Romania. Både naturkatastrofar, som jordskjelvet i Italia i 2016, store ulykker og andre terrorangrep blir undersøkt.

Hansen fekk tildelt medaljar for edel dåd for redningsinnsatsen sin, og er spent på kva resultatet av forskinga vil vise.

Det skal bli spennande å sjå forskinga på dette, om ein finn at det er felles reaksjonsmønster i alle land eller om det er forskjellar. Om noko er instinkt, refleks eller ei djup kjensle av å ville trø til, forklarer Hansen.

Kong Harald hilser på Oddvar Hansen etter at han mottok gullmedaljen for edel dåd under et arrangement i Oslo Rådhus. Medaljen er en utmerkelse for Hansens redningsinnsats den 22. juli 2011.

Kong Harald helser på Oddvar Hansen etter at han fekk gullmedaljen for edel dåd. Same medalje fekk også Jørn Øverby, Otto Kristian Løvik, Erik Martinsen Øvergaard og Lill Hege Rostad.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ikkje alle er positive til forskingsprosjektet

Brede Johbraaten, eigar av Utvika Camping, var med på redningsarbeidet på land 22. juli. Han er lei av at det stadig blir grave i hendinga. Johbraaten har fått tilbod om å vere med på forskinga, men har takka nei.

Vi er rett og slett slitne og lei av alt som har vore i desse elleve åra. Å byrje å grave oppi saka igjen, det orkar vi ikkje, seier han.

Vurderte du det sjølv som farleg å hjelpe til?

I ein sånn situasjon så handlar ein av refleks, og tenkjer ikkje igjennom faresituasjonar. Ein berre gjer det ein må, forklarer Johbraaten.

Brede Johbraaten, innehaver av Utvika Camping, ved minneplaketten på brygga.

Brede Johbraaten har takka nei til å vere med på forskingsprosjektet.

Foto: Heiko Junge / NTB

Sjølv meiner han at 22. juli-kommisjonen gjekk grundig nok inn i saka, og at det bør vere nok å lese rapporten deira.

NRK kjenner til at fleire har valt å ikkje vere med på forskingsprosjektet.

Innsatsen frå sivilbefolkninga var avgjerande

Målet er at forskinga kan danne eit grunnlag for samfunnstryggleik og beredskap.

Under terrorangrepet på Utøya vart innsatsen frå sivilbefolkninga avgjerande, og hjelparane som bidrog gjer Antonsen optimistisk.

– Dei gjer det på ryggmargsrefleks, og med risiko for seg sjølv, for å hjelpe andre. Det var over 100 av dei og berre éin gjerningsmann. Heldigvis er det feige lag.

Utøya

77 menneske vart drepne under terrorangrepa i regjeringskvartalet og på AUFs sommarleir på Utøya 22. juli 2011. Ved Utøya bidrog fleire fastbuande og feriegjester med å redde ungdommar som flykta frå øya.

Foto: Heiko Junge / NTB