NRK Meny
Normal

Skal gjere det lettare for 70.000 vitne

Kvart år vitnar 70.000 menneske i norske domstolar, men mange av desse veit ikkje kva dei skal gjere i sjølve vitnesituasjonen. Det skal ein heilt ny video hjelpe dei med å forstå.

Informasjonsvideo retten

Domstoladministrasjonen har laga ein animasjonsvideo som skal hjelpe personar som skal vitne.

Foto: Domstoladministrasjonen/Sheriff Film Company/Youtube/ / Skjermdump

– Eg skulle ønskje eg såg denne videoen før det var min tur i vitneboksen. Det hadde eg hatt veldig godt av, seier Arild Heggstad Rygh (45).

Arild Heggstad Rygh

Arild Heggstad Rygh trur han ville hatt god nytte av å sjå videoen før det var hans tur i vitneboksen.

Foto: Mathilde Torsøe / NRK

Har har nett gått ut av dørene i ein rettssal i Drammen tingrett. Der stilte han som vitne i ei rettssak for første gong.

– Eg visste veldig lite om det å vitne på førehand, stort sett berre det eg har sett på film. Det gav ikkje eit så veldig realistisk bilde av situasjonen. Det er ganske skummelt å vitne, seier Rygh.

Det er Domstoladministrasjonen som har laga den nye animasjonsvideoen. Denne syner personar som skal vitne kva som skjer i tida fram mot og under ei rettssak. Videoen syner mellom anna òg kva som er forventa av ein person i ein vitnesituasjon.

Animasjonsvideoen, som er på kring to minutt, er no tilgjengeleg på domstol.no og Youtube. Se videoen lenger ned i saka.

– Vitnemål veldig viktig for dommen

Sven Marius Urke, direktør i Domstoladministrasjonen, fortel at det vitne seier i retten er svært avgjerande for om dommaranes avgjerder vert gode.

– Vi har laga denne videoen fordi vitne har behov for å vite meir om vitnerolla for å gjere ein god jobb i retten. For eit par år sida gjennomførte vi ei undersøking blant vitne, som nett syner det store behovet dei har for dette, seier han.

I dag stiller frivillige personar frå Røde Kors som såkalla vitnestøtter i dei fleste store rettssaler i Norge. Vitnestøtter gjev personar som skal vitne råd når dei kjem til rettssalen.

– Kvifor har de laga denne videoen når vitne allereie kan få hjelp av vitnestøtter?

– Fordi dei som skal vitne ikkje treff på vitnestøttene før dei kjem til retten, og det er litt seint. Vitna har behov for å vite kva som er forventa av dei før dei kjem så langt, og det kan videoen hjelpe dei med, seier Urke.

Han trur kombinasjonen av videoen og det å nytte seg av vitnestøtte vil gjere forklaringa vitne gjev i retten langt betre.

– At vitne kjenner seg trygge og avslappa er avgjerande for at dei skal klare å gje gode vitnemål.

Rygh synest videoen er god.

– Den syner heile prosessen i rettssalen. Videoen forklarer veldig godt kva som skjer i ein rettssal, kva vitne har krav på og kva dei må gjere, seier han.

Se informasjonsvideoen her (artikkelen fortset under videoen)

Sparer tid for aktorane

Også sorenskrivar Liv Synnøve Taraldsrud opplever at vitne har eit stort behov for informasjon om sjølve vitnerolla.

– I dag brukar domstolar ein god del tid på å gjere vitne trygge på vitnesituasjonen. Viss domstolane ber vitna om å sjå denne videoen før rettssaker, vil det avlaste den enkelte domstol, seier ho, som jobbar i Eiker, Modum og Sigdal tingrett.

Taraldsrud fortel at det å skulle stille som vitne verkar skremmande for mange.

Sorenskrivar Liv Synnøve Taraldsrud

Sorenskrivar Liv Synnøve Taraldsrud tykkjer det er stort behov for instruksjonsvideoen for vitne.

Foto: Christina Honningsvåg / NRK

– Dette kan gjere at dei ikkje klarer å gje ein god vitneforklaring, seier ho.

Også Birgit Austad, politiadvokat i Søndre Buskerud politidistrikt, trur videoen kan spare tid for tilsette i justissektoren, særleg aktorar.

– Det å vitne i retten er noko folk flest ikkje har eit forhold til, difor vert dei veldig ofte usikre når dei vert innkalla. Videoen er veldig informativ og fornuftig, seier ho.

Vil skape blest om videoen

Framover ønskjer Urke i Domstoladministrasjonen å skape mykje merksemd om videoen, slik at flest mogleg av dei som skal vitne får den med seg.

– Vi oppfordrar andre aktørar i justissektoren, som politi og påtale, advokatar og støtteorganisasjonar, til å syne fram videoen til vitne, seier han.

Urke meiner animasjonen òg kan vere nyttig for andre som vil lære meir om korleis rettssaker går føre seg.

Frå slutten av oktober vil animasjonen vere tilgjengeleg med engelsk tekst.