Hopp til innhold

Gigantutbygging i Flå

Til hausten kan bygginga av opp mot 1300 nye hytter i Høgevardeområdet i Flå byrje. Det betyr pengar i kassa for dei 1000 innbyggjarane i den vesle kommunen.

Hyttefelt Høgevarde

Det er ein stor utbygging som er planlagd. Flå kommune har 1000 innbyggarar, og kan få 1300 nye hytter.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Ordføraren i Flå, Tor Egil Buøen er særs nøgd. Det går det den rette vegen for planane om storstila utbygging av hytter i kommunen. Han reknar med at ein til hausten har planen klar for bygging av opp mot 1300 hytter i Høgevardeområdet i Gulsvikfjellet.

– Det har berre kome ei innvending under høyringsrunden for utbyggingsplanane. Det er nesten litt overraskande, seier ordføraren.

Mange omsyn å ta

Fylkesmannen i Buskerud har innvending til eit planlagt hyttefelt med 300 hytter som er ein del av den store utbygginga. No skal Flå kommune i møte for å diskutere korleis ein skal gjere Fylkesmannen tilfreds.

Hytter i Flå

Buskerud er allereie blant dei viktigaste reiselivsmåla i Noreg. No kan det bli særs mange nye hytter i den minste kommunen i fylket.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Den viktigaste årsaka til at det har vore så lite motstand mot gigantutbygginga av hytter ligg i nye og meir liberale signal frå regjeringa, seier ordførar

Det har kome tydelege meldingar om at kommunane skal få bestemme meir sjølv under den blåblå regjeringa.

Planlegginga av hyttefelta i Flå har teke lang tid, og kosta mykje pengar. Mellom tre og fem millionar kroner har planlegginga kosta så langt.

– Arbeidet har så langt tatt tre år. Vi må ta vare på naturen, det biologiske mangfaldet, vurdere situasjonen for villreinen og beskytte kulturminne. Me starta opp med planar om å bruke eit større område enn det vi har enda opp med, seier ordføraren.

Tor Egil Buøen

Ordførar Tor Egil Buøen reknar seg fram til at service- og handelsnæringa kan tene 40 millionar årleg på hytteturistane i framtida.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK
– Vil skape store verdiar

Kommunen har forventningar til at alle dei nye hyttene skal fylle opp lommebøkene både her og der i Flå.

– Det blir jobb for dei som skal gjere grunnarbeidet og til dei som skal byggje hyttene, i første omgang. Når hyttene blir tatt i bruk kjem folk til å leggje att mykje pengar hjå servicenæringa i bygda. Vi har eit godt handelstilbod i Flå, og vi reknar med at eitt tusen hytter betyr 40 millionar kroner i inntekt for handel- og servicenæringa lokalt, seier Buøen.

I sentrum av kommunen ligg det allereie eit kjøpesenter og rett ved ligg bjørneparken som har vorte ein turistattraksjon.

– Flå skal bli ei hyttekommune. Det er noko vi skal satse på i framtida, seier ordføraren.