Hopp til innhold

Færre trafikkdrepne i Buskerud

Ingen mista livet i trafikken i juni i Buskerud. Likevel har fire menneske mista livet i trafikken på vegane i fylket så langt i år. På same tid i fjor hadde sju personar døydd i trafikken. Den førebelse ulykkesoversikta frå Statens vegvesen for juni viser at det har skjedd 19 ulykker med 23 skadde.