Hopp til innhold

Brannoffer: – Eg er takknemleg

Uføre Jaroslaw Jankowski kan endeleg kjøpe seg eiga leilegheit etter at han vart skada for livet i ein brann i Drammen for seks år sidan.

Jaroslaw Jankowski hjemme hos moren

Jaroslaw Jankowski vart hardt skadd i brannen på Gulskogen.

Foto: Tore Vollan / NRK

Brennpunkt fortalde historia om den tragiske dødsbrannen gjennom dokumentaren "Berre ein polakk". Forsikringsselskapet til huseigaren vedgjekk etterpå at Jaroslaw fortente høgre erstatning, og no har han fått ytterlegare 350.000 kroner.

Utbetalinga har endra livet til Jankowski.

– Eg er takknemleg for at folk i Norge huskar meg etter så mange år. Med desse pengane kan eg kjøpe meg eiga leilegheit, seier han.

Blei ufør

Polske Jankowski hadde reist til Norge for å tene pengar til dottera sitt bryllaup. Arbeidsgjevaren plasserte han i eit hus i Drammen saman med rundt 30 andre polske gjestearbeidarar.

Natt til 9. november 2008 starta den tragiske brannen. Jankowski klarte å redde seg ut av det brennande huset, men vart hardt brannskadd i husbrannen som blir omtalt som ein av dei verste dødsbrannane i Norge.

Sju menn omkom, Jankowski overlevde med store brannskadar. Etter lengre tid på sjukehus, returnerte han til Polen. Arbeidsufør og til eit liv i smerter.

Kravde erstatning

Etter brannen i 2008 kravde bistandsadvokaten til dei pårørande og Jankowski, Thomas Benestad, erstatning frå huseigar sitt forsikringsselskap, Gjensidige.

– I første omgang fråskreiv forsikringsselskapet seg alt ansvar. Då eg trua dei med rettslege skritt kom dei på banen, seier Benestad.

Thomas Benestad

Thomas Benestad har vore bistandsadvokat for dei skadde og pårørande.

Foto: NRK

Gjensidige betalte til saman 1,2 millionar kroner til dei pårørande. Jaroslaw Jankowski fekk 200.000.

Fem år etter brannen fortalde Jankowski til Brennpunkt om livet sitt i dag. Han er varig ufør og har ikkje eigen bustad. Han har ikkje jobba lenge nok til å få utbetalt pensjon i Polen og får 1.000 kroner i sosialstøtte i månaden.

Desse opplysningane fekk bistandsadvokat Benestad til å reagere. På ny tok han kontakt med forsikringsselskapet til huseigar.

– I dokumentaren kom det fram at konsekvensane for Jaroslaw Jankowski var større enn vi trudde. Vi fekk opplysningar om at han knapt fekk nokon trygdeytingar i Polen og han har hatt eit betydeleg inntektstap sidan han ikkje kjem tilbake i jobb.

Etter dokumentaren kom eit krav frå Benestad til Gjensidige på 350.000 kroner til Jankowski. Gjensidige godtok kravet på bakgrunn av dei nye opplysningane om livssituasjonen hans i Polen

Dødsbrann på Gulskogen i Drammen

I alt sju personar omkom i det som blir omtalt som ein av dei verste dødsbrannane i Norge.

Foto: Trond Rasch / Drammensregionens brannvesen

.