Den norske 59-åringen som er sikta for å ha drepe bergensaren Lars Arne Fjeldsbø (54) i Thailand skjærtorsdag, risikerer dødsstraff, ifølge politiets etterforskningsleiar.
– Vi har førebels sikta han for overlagt drap. Alt taler for det, seier oberstløytnant Yutthana Rattanapan til Bergens Tidende i Thailand laurdag.
– Overlagt drap kan føre til dødsstraff, held Rattanapan fram. Den drapssikta 59-åringen frå Drammen er ikkje avhøyrt. At politiet meiner drapet skjedde med overlegg, grunngir han med at 59-åringen hadde med seg ein pistol, og at han skal ha henta den frå mopeden rett før dei dødelege skota falt.
Fjeldsbø (54) blei drepen med to skot, før 59-åringen skal ha gjort eit mislykka forsøk på å ta livet av seg sjølv. I helga låg drammensaren på eit sjukehus i Petchaburi. Han skal vere utanfor livsfare. Ifølge Bergens Tidende gir overlagt drap i Thailand som regel alt frå 30 års fengsel til livstidsstraff. Thailand står på Amnesty si liste over land som framleis praktiserer dødsstraff.