Hopp til innhold

NAFs vinterråd til elbilistar

Mange nye elbilistar kan fort kjenne på rekkjeviddeangst når kulda set inn. Men kva burde ein gjere for å ikkje hamne i uføre på vinterføre?

Ladestasjon for elbiler

Vinteren kom brått på for mange bilistar på Austlandet måndag. Særleg dei med elbil vil merke kulda på mellom anna rekkjevidda på bilen.

Foto: EIRIK ASPAAS

– Det var kaos, ja. Eg er overraska over at folk ikkje bytte om til vinterdekk tidlegare.

Det fortel Tor Pettersen. Han var ein av mange bilistar som opplevde snøkaoset på Austlandet på måndag.

Det var mellom anna fleire køyretøy med sommardekk som laga trøbbel for andre bilistar ved det første snøfallet i sesongen.

Tor Pettersen, som har elbil

Elbileigaren Tor Pettersen vart som mange andre vitne til trafikkaos måndag.

Foto: Anders Haualand / NRK

Enkelte stader vart bilistar ståande i kø i mange timar. Det vart etter kvart så ille at Røde Kors måtte kallast inn for å hjelpe.

Det var også ein del folk med elbilar som vart noko nervøse medan dei sat i lange køar.

Rekkjeviddeangst er nemleg ikkje eit nytt fenomen for ferske elbileigarar.

Dette bør elbilistar gjere vinterstid

– Alle bilistar burde eigentleg ha ein nødkoffert i bilen på vinterstid. Eit varmt pledd og kanskje nokre ekstra varme klede, seier seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i NAF, Nils Sødal.

Han ramsar opp ein haug med tips til kva elbilistar burde tenkje på vinterstid.

– Det kan vere lurt å ta med ein spade. Kjetting kan vere lurt å ha viss du skulle setje deg fast, og ei isskrape burde alle sjølvsagt ha, meiner Sødal.

Seniorrådgiver kommunikasjon i NAF, Nils Sødal

Nils Sødal i NAF fortel at det er mykje elbilistar må tenkje på før dei tek hjula fatt i vinter.

Foto: Jonathan Frøyshov Danielsen / NRK

Han legg til at varm drikke og litt ekstra mat er greitt å ha i bilen, særleg viss du skal over fjellet og det er risiko for kolonnekøyring. Eller viss ein skulle bli ståande og vente på bilbergar ein stad langs vegen.

– Betre å stanse og ringje bilbergar

Mange nye elbilistar kan kjenne på rekkjeviddeangst når kulda set inn. Batteriet varer ikkje like lenge som ein er vant til når kulda kjem.

Sødal seier at ein ikkje må ofre varmen i bilen for å presse fram nokon ekstra kilometer med rekkjevidd.

Men det er lurt å stoppe før ein går heilt tom.

– Viss du ser at du nærmar deg null, anten du står i kø eller om du køyrer, og du veit at du ikkje rekk neste ladar, så er det betre å stanse og ringje bilbergar. Det er betre å bli frakta til nærmaste ladar av bilbergar, avsluttar Sødal.

Les også Gjør du ikke dette riktig, risikerer du å miste lappen

Annar Engell børster bort snø fra biltaket før han skal ut og kjøre i Drammen

Flere nyheter fra NRK Buskerud