Hopp til innhold

Sender ut pakke-bønn til folk

Både Posten og fleire butikkar ber no folk hente pakkar så fort dei får hentemelding. Lagera blir fylte til randa.

Butikksjef Morten Lysthaug på pakkerommet til Rema 1000 på Konnerud i Drammen.

Det var nokre ledige plassar i hyllene til Morten Lysthaug ved Rema 1000 Konnerud i timane før dagens leveranse frå Posten.

Foto: Stian Haraldsen / NRK

Black Friday er over, men for mange er det no trykket kjem. Fleire butikkar har sagt frå til kundane sine om at lageret fyller seg opp med pakkar.

Rema 1000 på Konnerud la ut denne meldinga på Facebook for eit par dagar sidan:

«Hjelp!! Alle hyllene våre, pluss pakkeautomaten, er heilt sprengd og vi er heilt avhengig av at de hentar pakkane dykkar fortløpande for at vi skal kunne ta imot fleire i vekene framover.»

Butikksjef Morten Lysthaug i pakkekonteineren til Rema 1000 på Konnerud i Drammen.

Morten Lysthaug sjekkar pakkekonteinaren som står utanfor Rema-butikken på Konnerud. Den er stort sett full.

Foto: Stian Haraldsen / NRK

Fullt dagleg

– Det ser greitt ut no. Det er mykje pakkar, men folk er stort sett flinke til å hente, seier butikksjef Morten Lysthaug.

– Har du opplevd at det er heilt fullt?

– Ja, det skjer nesten dagleg på denne tida av året.

– Kva skjer då?

– Då blir det mykje å gjere, men det likar vi. Då må vi berre vere kreative og finne nye plassar på lageret.

Måndag kom det rundt 1000 pakkar til butikken i Drammen. Lysthaug reknar med like mange dei neste dagane.

Korleis likar du å handle julegåver?

Pakkerekord

Kenneth Tjønndal Pettersen er pressesjef i Posten Bring. Han er ikkje overraska over at butikkane får tetris-utfordringar på lageret.

– Det er stort trykk. Sist veke handterte vi 2,5 millionar pakker, så det er eit veldig stort volum med pakker som no er på veg ut til hentestadene i landet.

– Korleis er det samanlikna med tidlegare år med Black Friday og Black Week?

– Det er rundt 12 prosent høgare pakkevolum enn i fjor, og 2022 var all time high.

– Har de fått tilbakemeldingar om at det byrjar å hope seg opp mange stader?

– Med eit så stort volum av pakkar ut til kundane, anten til postkassene, hentekasser eller post i butikk, vil det vere til stor hjelp viss folk hentar pakkane sine så raskt som mogleg. Då vil logistikken flyte mykje betre.

Posten ansetter 1000 ekstra medarbidere for håndtere store mengder med pakker, sier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen.

Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten Bring fortel at dei har henta inn 750 ekstra tilsette til å handtere pågangen.

Foto: Posten

Klar for jule-køyr

Fleire har anten sett henteoppmodingar i sosiale medium, eller fått direktemelding frå butikkar og leverandørar den siste tida.

«Rema 1000 Gulskogen har nådd maks kapasitet av talet på pakkar. Det er derfor til stor hjelp om du får henta ut pakka di, slik at nye pakkar får plass,» sende PostNord ut i tekstmeldingar tysdag.

– Sjølv om Black Friday er over, har ikkje alt komme til butikkane enno. Det blir fylt opp med alt frå brev til syklar, seier Lysthaug på Konnerud.

Posten fortel at dei har hatt ein stor auke i bruken av sjølvbetente pakkeboksar det siste året. Det finst 1900 av desse i Noreg, og veksten har vore på 70 prosent.

Og så fort den svarte kampanjen er over, kjem det raude juletrykket.

– Det er bølgje etter bølgje no. Høgsesongen er i gang, og dette er den artigaste tida i året for oss i Posten, seier Kenneth Tjønndal Pettersen.

Men som Lysthaug påpeikar:

– I førjulstida blir det spreidd over litt fleire dagar, og det blir ikkje like kompakt som under Black Friday.