Hopp til innhold

Trur det blir juletremangel om nokre år: – Det er ei forgubbing av oss

Juletreprodusentane blir færre og eldre, og dei veks ikkje akkurat på tre. Det meiner Karl Henrik Hals. Norsk Gartnerforbund seier det ikkje er tvil om at bransjen treng fleire produsentar.

Karl Henrik Hals

Juletrebonden Karl Henrik Hals seier det er mørke skyer i horisonten.

Foto: Hedda Grønbrekk / NRK

– Det blir planta for få juletre. Det betyr at det kan gå mot eit underskot på juletre i løpet av kanskje fem til åtte år.

Orda kjem frå ein som kjenner og kan marknaden, Karl Henrik Hals. Han er ein av dei største juletrebøndene i landet.

På garden hans i Vestfossen står bokstaveleg talt ein skog av tre. Over 70.000 i talet. Av dei skal over 5.000 nå inn i norske stover der dei skal pyntast og dekorerast til juletre.

I over 20 år har juletrebonden sete på den grøne greina i livet; men ho er i ferd med å knekka.

– Det er mørke skyer i horisonten. Det er for mange som sluttar å vera juletreprodusentar, og det er ei forgubbing av oss i bransjen, påstår Hals.

– Betyr det at det rett og slett kan bli mangel på juletre?

– Me fryktar det, ja. Juletrebøndene byrjar å bli eldre, og det er få unge som tek opp hansken. Me hadde absolutt trunge fleire produsentar.

Vestfossen, juletrebonde

Ikkje noko plasttre hos juletrebonden i Vestfossen.

Foto: Hedda Grønbrekk / NRK

Du grøne, glitrande tre god natt?

Hals trur det er fleire faktorar som speler inn slik at det kan bli ein akutt mangelsituasjon på juletre om berre få år. Han nemner folks økonomi, klima og at dei yngre sannsynlegvis nedprioriterer det å vera heiltidsbonde.

– Og veldig mange har valt kunstige tre til jul. Det har jo gjort noko med oss som dyrkar juletre – me er nøydde til å redusera volumet.

– Korleis vurderer du risikoen for ein mangel ut frå prognosane dine?

Vanskeleg å spå, men me vil nok høgst sannsynleg styre mot eit underskot. Me ser også klara tendensar frå nabolandet Danmark. Der blir berre planta 30 prosent tre av eit normalår.

Årets juletre - plast eller ekte vare? 🎄🎅🌟

– Ingen tvil om at me treng fleire juletreprodusentar

Siv Iren Sørensen-Moe er kommunikasjonsansvarleg i Norsk Gartnerforbund, ein interesseorganisasjon for norske gartneri og hagebruk. Dei er dei norske juletreprodusentanes næringsorganisasjon.

At juletreprodusentnæringa no opplever fråfall, er noko gartnarforbundet ser «stort sett i heile landbruket», seier Sørensen-Moe.

– At færre vil ta over, ja. Då rammar det sikkert også dei som driv med juletre.

Siv Iren Sørensen Moe

Siv Iren Sørensen-Moe i Norsk Gartnerforbund er optimistisk.

Foto: Privat

Eksakt kor mange som opererer i juletrebransjen i Noreg er ikkje visst. Sørensen-Moe legg til at 250 produsentar var organiserte i Norsk juletre, som la ned drifta si i februar i år.

– Men det er ingen tvil om at me treng fleire juletreprodusentar. Samtidig er dette ei tradisjonsnæring, og mange av produsentane er eit stykke oppe i åra. Det er naturleg at mange gir seg.

Les også Stortingspresidenten felt av juletre

Stortingspresident hugger juletre til stortinget

– Betyr det at det no blir planta færre tre?

– Me har ikkje tal på dette.

– Juletrebonden Hals seier at også plantinga i Danmark er lågare; det blir berre planta 30 prosent av eit normalår.

– Det kjenner eg ikkje til. Men me vil ha betre tal neste år.

Juletrebonde

Mellom 700.000 og 800.000 trær blir seld kvar jul.

Foto: Hedda Grønbrekk / NRK

Eksakt kor mange ekte juletre som blir selde kvart år i Noreg, er det vanskeleg å finna klare tal på.

Sørensen-Moe vil likevel rekna med at talet er ein stad mellom 700.000 og 800.000 tre.

– Av dei er 180.000 importerte, stort sett frå Danmark. Men importtala frå Danmark går ned. For oss betyr det noko bra. Nordmenn vil ha norske tre. Og salet av plasttre har roa seg litt.

Dermed augnar Sørensen-Moe og Norsk Gartnerforbund eit håp under den flunkande ønskestjerna på julehimmelen ei kald desembernatt.

– Me ser jo at det er eit kjempepotensial no som importen av juletre går ned. Så det er kjempegode moglegheiter for dei som vil inn i næringa nå, seier ho.

Frå planting i jorda til eit kort liv i juletrefoten i ei norsk stove

På garden i Vestfossen går ikkje Karl Henrik Hals rundt ein einebærbusk, sjølv om det straks er den tida på året.

Han går derimot rundt på eigedommen med motorsag, peilar seg inn mot eit flott bartre og feller det.

Tre bruker tid på å veksa. Desse, på garden til Hals, som snart skal gjerast vakrare med girlandrar, flagg, godteristenger, englar, lys og julekuler – med ei dekorativ stjerne på toppen – vart planta i 2014.

– Då seier det seg sjølv, det går nokre år. Reknar sånn cirka åtte til ti år, frå planting til stove, seier juletrebonden Hals.

Han har over 70.000 trær på gården sin, Karl Henrik Hals.

Han har over 70.000 trær på garden sin, Karl Henrik Hals.

Foto: Hedda Grønbrekk / NRK

Han er elles samd med Siv Iren Sørensen-Moe, og oppmodar andre til å kasta seg inn i bransjen, sjølv om dei kanskje ikkje ønskjer å gjera det på heiltid.

– Du kan godt dyrka juletre på eit mindre areal. Og drive med det i tillegg til annan jobb. Det er fullt mogleg å få det til: Me burde klara å produsera nok juletre i Noreg!