Hopp til innhold

Fleire syklistar skada i sykkelritt

Ein person er frakta til sjukehus etter å ha velta i ein tunnel og to andre syklistar er lettare skada. Alle var med i sykkelrittet Nordmarka rundt.

Sykkelulukke

Oppdatert 10:46:

Syklisten skal ha sluppe unna med brot- og sårskader.

– Han er kraftig forslått, men det er heldigvis ikkje noko alvorleg skade, seier rittleiar Arild Hermansen.

Ulukka skjedde i Sønsterudtunnelen i Hole i Buskerud.

Syklisten skal ha velta i tunnelen og det var ikkje fleire involverte i ulukka. Syklisten skal vere bevisst.

Nordmarka rundt er eit turritt på 148 kilometer med start og mål i Oslo og blir arrangert for 44. gong i år.

Rittet går frå Årvoll skole via ring 3 til Bærum, Sollihøgda, Sundvollen, Jevnaker, Harestua, Nittedal, Gjelleråsen og tilbake til mål på Årvoll.

Politiet har også vore på ein mindre alvorleg ulukke i samband med rittet. Ved Sundvolden er to syklistar lettare skadd og blir tatt hand om av ambulanse.

Alle ryttarane var med i rittet Nordmarka rundt.