NRK Meny

Gir levande dyr som julepresang

Å få eit kjæledyr til jul er slett ikkje så uvanleg. Dyrebutikkane opplever stor pågang før jul.

Marsvinunger

Mange får marsvin til jul.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

– Det er desse det går mest av. Tor Kristian Kristiansen i Zoo Markedet i Krokstadelva tek opp eit lite nurk. Marsvinungen er vel to månader gammal og salgsklar.

Marsvin, ei populær julegave

Tor Kristiansen Kristiansen sel mange av desse til jul.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Dyrebutikken merkar stor pågang no før jul.

– Veldig mange vel å kjøpe kjæledyra til barna sine no til jul, og marsvinungar og hamster er noko av det som sel best. Dei finst i mange variantar og er populære kjæledyr til barn, fortel Kristiansen.

– Allereie nokon veker før jul kjem foreldre innom butikken for å få informasjon om kva dyr som er å få tak i, og kva utstyr som trengst.

Tor K. Kristiansen, som er dagleg leiar i dyrebutikken, førebur seg no på storinnrykk juleftan av foreldre som skal hente den levande julegåva.

– Levande dyr er ikkje julepresang

live kleveland

Live Kleveland i Dyrevernalliansen rår deg til å ikkje kjøpe dyr i julegåve.

Foto: Dyrevernalliansen

Informasjonsansvarleg i Dyrevernalliansen, Live Kleveland, er heilt klar i sin bodskap til desse foreldra.

Ho råder dei til ikkje å kjøpe levande dyr som presang.

– Kvar sommar ser me at folk ønskjer å kvitte seg med dyra dei skaffa som julepresang. Då har dei søte små kattungane blitt store, hamsteren er ikkje spennande lenger og foreldra vil kvitte seg med dyra før familien skal på sommarferie, seier Kleveland.

Dyrevernarane meiner likevel juleferien er ei fin tid å bruke til å bli kjent med dyret ein skaffar seg.

– Men ikkje seie til ungane at det er ein presang. Då kan dei fort tru det er som eit leiketøy. Fortel akkurat kva det er, nemleg eit nytt familiemedlem, seier Kleveland.

Heile familiens ansvar

Pinnedyret krev lite stell

Pinnedyret krev lite stell.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Ein viktig del av jobben til dei tilsette i dyrebutikken i Nedre Eiker er å rettleie kundane om kor mykje stell kvart dyr treng.

– Det er eit stort ansvar å vere dyreeigar, enten dyra er store eller små. Dei er levande vesen som skal kunne lea seg og aktivisere seg, seier dagleg leiar Tor Kristian Kristiansen.

Innimellom opplever han at folk ombestemmer seg når dei høyrer kor mykje det krev å ha eit dyr.

– Det er lite impulskjøp. Det verkar som dei som kjøper dyr til ungane sine har tenkt nøye gjennom det, fortel han.

Kristiansen poengterer også at eit kjæledyr er heile familiens ansvar.

– Alle ungar synest det er spennande med eit nytt levande dyr. Sidan kjem kvardagen og då er det ikkje så stas lenger. Til sjuande og sist er det foreldra sitt ansvar at familien skaffar seg eit dyr, seier Kristiansen, og understrekar

– Foreldre må også ønskje seg det dyret dei vel å kjøpe til ungane sine.

Den lodne bylten får litt kos før han forsiktig blir sett tilbake i buret, vel uvitande om at han når som helst kan endre status til julepresang.