I eit intervju med Petter Nome i Sommeråpent, fortel Åse Kleveland om korleis det er å vere utsett for stadig kritikk om klesstil. Den norske pressa har vore oppteken av kjolelengda hennar i mange år, og ho får framleis kommentarar på klesvalet.
Mette-Marit på Nobelkonserten i desember 2000. Foto: NRK
Ikkje utstillingsdokke
Kleveland seier at det er positivt at Mette-Marit ligg lågt i klesvegen.
– Eg meiner at det talar til Mette-Marit sin fordel at ho ligg litt lågt i terrenget. Det er mykje meir tillitsvekkjande enn om ho skulle vere ein slags utstillingsdokke for all verdas motereporterar, held ho fram.
Eigen stil
Kleveland er opprørt over mediekritikken av kjoleval, haldning og klesstil. Som dei fleste andre, brukte Kleveland fleire år på å finne sin eigen klesstil, og ho meiner at det bør vere rom for det same for Mette-Marit.
– Dei fleste andre av oss brukar fleire år av livet på å få prøve og feile i det stille, seier ho.
– Tenk på denne unge kvinna, oppfordrar Kleveland. På kort tid har ho gått frå å vere ein vanleg norsk student til å skulle føre seg i dei flotte kongelege gemakka.