NRK Meny
Normal

Skifta dialekt for ein dag

Ho voks opp i Lenvik, men snakka Målselvdialekt. Ein dag i barneskulen prøvde ho den lokale dialekten. Korleis det gjekk høyrer du når ho snakkar i Dagsrevyen.

Ingerid Stenvold

Målselvdialekta aust i Troms skil seg tydeleg frå kystdialektane. Ingerid Stenvold held på dialekta til foreldra.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

- Eg var lei av at dei andre borna herma etter dialekta mi, så ein dag i fyrsteklassen fann eg ut at eg skulle snakke som ein nordlending. Det funka dårleg, eg var aldri god til det, ler Ingerid Stenvold.

Snarturen innom det lokale tungemålet var stutt, ho gjekk kjapt attende til Målselvdialekta.

Språkøya Målselv

Ingerid Stenvold blei tildelt kringkastingsprisen i 2007.

Ingerid Stenvold fekk kringkastingsprisen 2007 for å bruke Målselv-dialekt på ein god måte.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Målselvdialekta har ei spesiell historie. I 1788 kom dei fyrste innflyttarane hit frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Trøndelag. Det høyrest framleis i dag:

- Far min kjem frå Dividalen i Målselv der røtene går attende til Østerdalen. Der seier dei seier sten, ben, heme, je og itte. Mor mi kjem frå Andselv, der dei har anar i Gudbrandsdalen. Ho seier heime, stein, bein, ikkje og eg, fortel Ingerid Stenvold.

- Men du har aldri budd i Målselv, du voks opp i Finnfjordbotn i Lenvik. Snakkar du då skikkeleg Målselvdialekt?

- Eg har nok ei avslepen Målselvdialekt, men mitt mål ligg ikkje langt frå dialekta til mor mi.

Store norske leksikon om Målselv.

Ingen egotripp

I vinter skapte Ingerid Stenvold store overskrifter. Som den fyrste nokonsinne får ho snakke dialekt i Dasrevyen.

I språkreglane til NRK står det:

«I nyheitssendingar og programinformasjon skal programleiarar og annonsørar bruke offisielt bokmål eller nynorsk. Redaktørane kan gjere unntak dersom det ikkje er i strid med reglane og retningslinjene nedanfor.»

Stenvold søkte om unntak og fekk det. Vanvittig! sa Finn-Erik Vinje . Egotripp! sa nokon. Heia Ingerid! sa andre.

- Eg var klar over at det ville bli oppstyr, men ein del av reaksjonane var krassare enn eg hadde forestilt meg, seier Ingerid Stenvold.

- Nokon kalla det ein egotripp?

- Ja, men det er det ikkje. Eit stivt, konstruert og tilgjort språk skapar distanse til bodskapen, og eg ynskjer å framstå som ekte og naturleg. Filteret mellom meg og sjåaren skal vere så tynt som mogleg.

Lukar i dialektbedet

Søndag 18. juli er Ingerid Stenvold gjest i Språkteigen på P2.

Ingerid Stenvold (t.v.) og Line Andersen

Ingerid Stenvold og Line Andersen den gongen begge jobba i TV-Sporten. Kva meiner Ingerid Stenvold om språket til sportsjournalistane?

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Då svarar ho på spørsmål frå lyttarane, og nokon spør kva dialektord ho må legge vekk i Dagsrevyen:

- For at sjåaren ikkje skal henge seg opp i måten eg snakkar på lukar eg vekk dei breiaste dialektutrykka, seier Stenvold.

- Eg vil dei skal høyre kva eg seier, ikkje korleis eg seier det. Difor blir kvinnfolk, mannfolk og ungar til kvinner, menn og barn på lufta.

Vil du høyre heile intervjuet med Ingerid Stenvold? Lurer du på kva ho tykkjer om språket til norske sportsjournalistar? Eller korleis ho førebur tekstane ho les i Dagsrevyen?

Du kan høyre intervjuet her:

Høyr Språkteigen 18. juli 2010.

Språkteigen høyrer du kvar søndag klokka 9.30 på P2.

Du finn oss òg på Twitter og på Facebook .