Hopp til innhold

Gretten? Eg?

Han får mange til å applaudere, medan andre riv seg i håret. Og sjølv om han er pensjonert vil Finn-Erik Vinje aldri gi seg som språkvaktar.

Finn-Erik Vinje
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Er Finn-Erik ein gretten gammal gubbe, eller språk-Norges siste ridder?

Då Språkteigen skreiv dette på Twitter kom svaret sporenstreks:

Tweet om Finn-Erik Vinje

Frå Twitter: Mange meiner Finn-Erik Vinje gjer ein viktig innsats for språket.

Han er definitivt ein ridder! tvitrar Grete Øyna.

Akkurat det er det delte meiningar om. Dei siste tiåra har Finn-Erik Vinje vore på kant med alle, frå riksmålsfolket via samnorskingane til målfolket.


Vasskiljet Vinje

Finn-Erik Vinje deler det norske språkfolket i to. Der han haustar ivrig applaus i den eine leiren, ristar dei oppgitt på hovudet i den andre.

- Eg er ikkje redd for å legge meg ut med folk. Det er artig med liv og røre, og litt misnøye gjer meg ikkje søvnlaus, seier Vinje, som er pensjonist på fjerde året.

- Eg har vore mykje morsk, både mot Språkrådet, Noregs Mållag og NRK. Dess eldre eg blir, dess meir frittalande blir eg. No treng eg jo ikkje lenger ta omsyn til karrieren.

- Er det befriande? spør Språkteigen .

- Ja, veldig. Eg kjenner meg heilt fri no, og det har eg stor glede av.

Profesjonell grinebitar

- Kritikken går på alle sider av språket i NRK. Eg er profesjonelt misnøgd, ein grinebitar! Finn-Erik Vinje, 1984.

Vinje seier altså sjølv han er ein grinebitar, men er han ein gretten gammal gubbe?

- Gammal, ja. Men gretten? Nei, eg er då som regel blid?

Finn-Erik Vinje anno 1971

I 1971 tok Finn-Erik Vinje til som språkkonsulent i NRK.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Men han er ikkje blid på leiinga i NRK. Mellom 1971 og 1991 var Vinje språkkonsulent i NRK, ein innsats han har karakterisert som spilt møye.

- Eg fekk aldri den merksemda eg ynskte meg i NRK, og eg har kraftige innvendingar overfor leiinga i dag. Dei ynskjer ikkje lenger at NRK skal vere eit språkleg forbilde.

Ein lyttar spør kvar Finn-Erik Vinje ikkje har lukkast.

- Eg måtte gi tapt for utviklinga i NRK. I dag driv mange sin eigen, private språkpolitikk framom mikrofonen i kringkastinga, og det er ikkje bra.

Høyr heile intervjuet her:

Del 1: om bandy, Grunnlova, nynorsk, språk og makt.

Del 2: om NRK-språket, borna og om tida i Språkrøret.

Lyttarane bestemmer

Norges lover

Språket i Grunnlova blir vaska av Vinje.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Når Finn-Erik Vinje vitjar Språkteigen søndag 27. juni, er det lyttarane sjølve som stakar ut kursen. Det er deira spørsmål professoren skal svare på. Her er nokre døme:

- Er du i slekt med Aasmund Olavsson Vinje?

- Korleis går det med språkvasken av Grunnlova?

- Finst det dialektar i Norge du ikkje forstår?

- Tek du ein «Willoch» og blir meir raus og fornuftig etter at du pensjonerer deg?

- Pleidde du å rette på språket til borna dine?

Gir seg aldri

Mange nordmenn sender framleis inn spørsmål om språk til den pensjonerte professoren. Journalistane treng truleg peikefingeren hans òg i åra som kjem. Dessutan er 74-åringen blant våre ivrigaste språkbloggarar.

Her bloggar Finn-Erik Vinje hyppig om språk.

Spørsmålet frå lyttar Marit Holmkvist Fenne får Vinje til å le høgt: Skal han ikkje gi seg snart?

- Nei! Eg har bra kondis, og eg held koken framleis. Så dessverre, eg kjem nok til å halde det gåande ei stund til.

Språkteigen høyrer du på P2 søndag klokka 9.30 og mandag klokka 23.40.

Har du eit spørsmål?

I vekene som kjem vil fire andre sommargjester vitje Språkteigen:

Sonja Erlenkamp

Kva heiter Sonja Erlenkamp på teiknspråk? Svaret får du i Språkteigen 11. juli.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

4. juli: Bodil Aurstad, nordisk språkkoordinator. Om språkforståing i Norden, om svorsking, om skilnader og fellestrekk ved dei nordiske språka.

11. juli: Sonja Erlenkamp, professor i teiknspråk, Høgskulen i Sør-Trøndelag. Om teiknspråkhumor, ordbøker og om å drøyme på teiknspråk.

18. juli: Ingerid Stenvold, nyhetsanker i Dagsrevyen. Om språket i NRK og om dialektbruk i eteren.

25. juli: Sylfest Lomheim, avtroppande direktør i Språkrådet. Kva skal han snakke om? Du bestemmer!

Det er framleis rom for fleire spørsmål til Ingerid Stenvold og Sylfest Lomheim. Skriv til teigen@nrk.no, og merk brevet 'Sommarteigen'.

Du finn oss òg på Twitter og på Facebook . Du kan òg laste ned Språkteigen som podkast .