Bård Ose byr på påskeradio frå Vestlandet fem dagar til ende i NRK P1 i påska. Med Voss, Samnanger og Bergen som sendestader inviterer han lydarane til å ta del i både ski- og snøliv, men også båt- og sofaliv.
Bård Ose inviterer lydarane til å ta del i både ski- og snøliv, men også båt- og sofaliv med påskesendingar frå NRK Hordaland på riksnettet. (Foto: Anders Nøkling)
NRK Hordaland skal boltre seg på riksnettet i timen mellom klokka tolv og ett kvar dag frå skjærtorsdag til 2. påskedag. Saman med gode hjelparar skal det handle både om ski og snø, men også hage, kunstutstillingar, båt, sofaliv, uterestaurant, kafe, kino, lamming og trafikk
Ikkje navlestirande
- Vi skal med andre ord spegle det som rører seg i Noregs land når vi er på lufta, seier Bård Ose som til kvardags er føremiddagsvert ved NRK Hordaland. Ukjent for riksnettet er han likevel ikkje som ein av programleiarane i P.I.L.S på laurdagar i NRK P1.
Ose lovar ikkje å vere for navlestirande. - Sjølv om vi sender frå Hordaland og Vestlandet, skal me også spegle andre delar av landet. Vi skal og ha reporter på plass både i Valdres og i Østerdalen, seier Bård Ose.
NRK P1 Skjærtorsdag kl 1203-1300
NRK P1 Langfredag 1203-1300
NRK P1 Påskeaftan 1203-12-30
NRK P1 1. Påskedag 1203-1300
NRK P1 2. Påskedag 1203-1300