Alle NRK sine distriktskontor, frå NRK Sørlandet i sør til NRK Finnmark i nord, vil måndag morgon same sendetider for sine lokale nyheiter.
Dei lokale nyheitene du får etter Dagsnytt klokka 07.03 og klokka 08.03 vil bli presentert i løpet av to minuttar i heile landet.
– Vi vil samsende nyheitene både i NRK P1 og P1+. Slik vil mange fleire få høyre NRK sine lokale nyheiter på morgonen, seier distriktsredaktør i NRK Hordaland, Unni Arnøy.
Fram til no har ikkje P1+ hatt lokale nyheitssendingar på morgonen. Klokka 10.03, 11.03, 12.03 og 13.03 er dei allerede samkjøyrde.
Meir nyhende i morgonsendinga
I NRK Hordaland tyder endringa at du ikkje lenger vil få fem minuttar med lokale nyheiter. Derimot vil lengre radioreportasjar bli presentert i timen mellom 07 og 08. For å få til dette vil NRK Hordaland auke produksjonen av nyheitsreportasjar og aktualitetssaker i morgonsendinga.
– Nyheitssendinga klokka 7 og 8 blir korta ned til to minuttar, men NRK Hordaland skal framleis ha eit stort nyheitstrykk. Det er viktig for oss å oppdatera lyttarane på det som skjer og setje dagsorden med viktige saker som vedkjem folk i fylket vårt. Vi vil difor auka produksjonen av nyheitsreportasjar og aktualitetssaker i morgonsendinga, og i større grad rapportera i sendinga når det skjer hendingar, fortel Arnøy.
MEIR, IKKJE MINDRE NYHEITER: – Vi vil auka produksjonen av nyheitsreportasjar og aktualitetssaker i morgonsendinga, og i større grad rapportera i sendinga når det skjer hendingar, fortel distriktsredaktør Unni Arnøy.
Foto: Ole Kaland / NRKVakn opp og få oversyn!
NRK Hordaland har sett ned ei arbeidsgruppe for å avklare korleis ein vil presentere nyheitene i morgonsendinga. Arbeidsgruppa kom fram til at det skal leggjast meir vekt på nyheiter i heile timen mellom 07 og 08 med satsingssaker kvar dag.
I tillegg til lengre nyheitssaker og direkterapportering i morgonsendinga, vil ein også supplere med gjester som kan gje meir djupne om temaet som pregar det som skjer den dagen.
– NRK Hordaland si morgonsending skal gje lyttarane gode nyheiter, oppdateringar om trafikk og vêr, samt vere godt selskap på morgonen. Vi skal framleis ha tett kontakt med lyttarane for å vere i stand til å gje eit oversyn over det som skjer i Bergen og Hordaland i morgontimane, seier Arnøy.