Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 30. april

Pilegrim – Målet

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Det er eit fantastisk skue for pilegrimen på veg til Nidaros når ho kjem til det punktet langs pilegrimsleia der ein for fyrste gong ser målet for vandringa: Nidarosdomen.

Frå gammalt av heiter det Feginsbrekka; Mount Gaudi; Gledens fjell. Etter alle strabasar, ulendt terreng, uvér og hindringar, er det fantastisk å sjå at ein nærmar seg målet ein hadde sett seg langt der framme – no er det innan rekkevidde.

Eg tenker meg at for dei som kom til Nidaros i middelalderen, må domkyrkja ha fortona seg som enormt stor. Ho ragar over alle andre bygningar i byen, alt blir smått i forhold. Ja, enno i dag slår det meg kor gedigen denne bygningen er, majestetisk og omfamnande.

Målet for pilegrimsvandringa er heilagstaden. Vandringa er eit bilete på livet vårt på jorda. Så målet – det er forsmaken på paradiset. Det er der nåden er å finne. Der er tilgjeving, der er fred.

Dei store katedralane, om det er Nidarosdomen eller kyrkjene vi besøker nedover i Europa, er designa for at pilegrimen skal kjenne at ho er framme ved det endelege målet, der ho kan gråte, kvile, knele, reise seg att.

Inngangen er som ein port ein må gjennom, omkransa av menneske som har gått framom: Disiplane som gjekk saman med Jesus og sidan forkynte Evangeliet om han, så vi også fekk høyre.

Der er statuar av dei fyrste kristne, dei som oppgav livet sitt for det dei trudde på. Og alltid som ein midtakse, vårt senter og vårt opphav: Jesus Kristus.

Porten lukker oss inn i det store rommet, der augene våre treng tid for å venne seg til mørket. Men etter kvart ser vi at langt der framme, på høgaltaret, der lyser flammen i Kristuslyset; der er oppstandelsesflammen tent, det er dit vi skal – der er målet, der er Gud.

Når pilegrimane kjem til Nidarosdomen ser eg at dei bruker lang tid på å nærme seg sluttpunktet for vandringa dei har vore på. Det er ei langsam, stille ferd gjennom rommet. Det er mest som om det er uverkeleg at det snart er slutt.

Pilegrimen blir bedt for. Ho blir velsigna. For visst er ho framme ved målet. Men det er ein lang veg som enno står att: Vegen heim.

Vegen attende skal vere lett å gå. For ho har vore ved kjelda. Ho er annleis no. Den same, men likevel endra. Oppbrotet, vandringa, rasten og målet: Alt måtte til for å gjere heil.

Og når pilegrimen går ut frå plassen framfor katedralen for å ta fatt på vegen heim, syng kyrkjeklokkene for henne – som liksom for å seie:

Gud velsigne deg. Du er ikkje åleine. Eg går med deg der du går.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Henning Sommero - "Håpet er ei stjerne"

Skog