Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 16. desember

Storken

Herborg Kråkevik
Foto: NTB scanpix Corneli Poppe

Denne veka har eg fått lov til å senda tankane mine til dykk, frå Rungstedlund i Danmark, der forfattaren Karen Blixen vaks opp og der ho budde etter at ho kom heim frå eventyret sitt i Kenya.

I dag vil eg prøva å formidla til dykk, den forteljinga Karen Blixen fortalde om Storken:

Den er om ein mann som vaknar ei natt av eit forferdeleg rabalder og spring ut på garden sin for å finna ut av kva det er.

Han spring fyrst mot sør og fell ned i ei grøft, kjem seg oppatt men finn ingenting, så mot nord og fell ned i nye grøfter og kjempar vidare, så spring han ein annan veg mot sjøen og til slutt finn han eit hol i ei demning og tettar den og dette arbeidet tek resten av natta og til slutt når har gjort seg ferdig og sove nokre timar, kikkar han ut vindauget og ser at sporene hans på grusen teiknar ein stork.

Dette brukte Blixen til å trøysta seg sjølv og andre med at, når prøvingane våre virkar meinigslause så må me halda ut og finna nye vegar, og til slutt når me ser tilbake på livet vårt vil mønstret av alle hit og dit vegane våre, kanskje forma ein stor fugl. For eksempel ein stork.

Denne forteljinga har eg trøysta meg med mange gonger, når ting ikkje gjekk slik eg ville, når oppgåvene har virka meiningslause- eller når eg har kome langt ut på eit villspor.

Då har denne forteljinga inspirert meg til å leita meg innatt til kjernen av det eg ville, og så finna ein annan veg til målet eller til det eg trudde var målet.

Og når eg ein dag, ser tilbake på livet mitt, så ville eg kanskje sjå at den skuffande tida eg syns var meiningslaus, kanskje var stjerten på Storken?

Livene våre er ikkje alltid like inspirerandes, og ein kald morgon som idag, der regnet kanskje trugar med å knusa frontruta på bilen, og på radioen er det berre denne stemma som masar om ein gammal forfattar i Danmark, så kan det vera vanskeleg å få auge på forteljingane og poesien i livet.

Men det er då, nettop når det er på det kjedelegaste, eller tristaste, at det kan hjelpa å tenkja som vår eigen, store diktarhøvding men også audmjuke skogsarbeidar, Hans Børli gjorde:

«Livet er ikke bare titusen strevsomme steg mot små mål. Nei, livet er rikt nok til å være bare sus i myrull»

Herborg Kråkevik

artist og redaktør for juleheftet Juleroser

Musikk: Kari Bremnes «Gje dæ ly»

Skog