Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 2. mars

Å bli spegla og forstått

Helene Langeland
Foto: Seline Larsen / NRK

Eg var redd! Det kjendest uverkeleg. Skulle og mine ungar gå inn i statistikken som skilsmissebarn? Slik eg såg det, var det ikkje lenger nokon veg utanom. Det var skremmande. Prestefamilien var i ferd med å slå alvorlige sprekker. Resultatet vart at glansbiletet rivna.

Det eg ein gong trudde aldri skulle skje med meg, det var no ein realitet.

I etterkant har eg tenkt på kva som hjalp meg - kva som var det viktige som holdt meg oppe i denne skremmande skilsmisseprosessen. I mitt liv var det særleg to ting: Folka rundt meg. Dei var det aller viktigaste.

Ein dag fekk eg for eksempel ein SMS frå ei god venninne. Ho skreiv følgande: «No står du ovanfor det vanskelegaste du skal gjennom denne veka. Du skal fortelje om skilsmissen til barna dine. Når du har snakka med dei, då blir det truleg litt lettare. Dette klarer du !» Denne SMS-en hjalp meg til å forstå kvifor eg følte meg så utmatta. Samtidig gav ho meg tru på min eigen styrke. Det var rørande å bli spegla og forstått.

Andre gonger var det godt berre å møte eit ansikt - eit blikk som vågde å møte mitt - og våga å møte meg med den største sjølvfølge. Eg var i mi skilsmisseboble, men dei såg meg - det var verdifullt. Eg hadde behov for at mine eigne litt einspora tankar fekk nytt perspektiv.

Likevel; sjølv om menneske la eit puslespel av omsorg rundt meg, så var det dagar då eg følte meg aleine. Det var mørke dagar då eg tenkte; «No forstår eg kvifor enkelte menneske gir opp!» I desse stundene med tungt sinn, då eg tvilte sterkt både på min eigen styrke og Guds nærvær. Dei dagane då få andre ting kunne hjelpe meg, då klamra eg meg til at eg -trass alt - trur på ein Gud som ser meg, og som vil ha meg verksam i dette livet.

Det andre som vart ekstra viktig for meg i mi livskrise, var at eg kunne lene meg til dei orda eg ofte hadde formidla til andre. Du finn dei i Bibelen, i forteljinga om Jesaja. « Ver ikkje redd for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og held deg oppe med mi frelsar hand.»

Helene Langeland

prest og beredskapsmor

Musikk: Marthe Wang – «Til deg»

Skog