Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 16. juni

Vann gir håp

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

I eit av dei turraste områda i verda har vatnet fått ei heilt spesiell betydning.

Historia fortel at Jesus vart døypt i Jordanelva av han som heitte Johannes.

For å døype treng ein vatn!

Der, i grenseområdet i ørkenen mellom det som i dag er Israel og Jordan, renn det som for oss no framstår som ei lita elv. Antakeleg var elva mykje større for to tusen år sidan, då sjøen den renn ut frå ikkje var oppdemt.

Men landet rundt er tørt og karrig, ja, nærast som ein ørken, ei øydemark.

Og så ligg det langt under havoverflata – 300 hundre meter, seiest det;

det aller lågaste punktet på jorda.

Eigentleg er det merkeleg at dette området kan bere liv i det heile.

Men enno i dag kjem menneske frå alle delar av verda hit for å sjå staden det skjedde, for sjølv å bli døypte eller for å minnes sin dåp.

Det er så fredfullt og godt å vere der.

Vatnet i elva og jordsmonnet er tilstrekkeleg for å bere liv.

Den karrige jorda gjev faktisk planter med vakre blomar.

Då Jesus vart døypt, fortel Bibelen at Gud openberra seg som ei due over han. Gud, som vi tenker på som allmektig og i sin himmel, var også der - i det aller lågaste! Akkurat som vatnet alltid finn det lågaste punktet når det renn (for vatn renn jo aldri oppover), slik viser Gud sitt nærvær i det aller lågaste på jorda.

Vatnet finn sitt lågaste punkt.

Gud er i det aller lågaste på jorda.

Då tenker eg at det djupaste punktet i hjartet vårt også kan la seg finne av lys og livskraft; - at ei lysstrime av håp kan finne sin veg ned i det mørkaste vi veit,

det vi kanskje ikkje deler med nokon andre, men ber åleine i einsemd og sorg.

Vatn gjev liv. Gud gjev lys.

Ein dråpe vatn. Ei lysstrime.

Kanskje er det nok til at vi kan tru at håpet er der.

At vi i det som til no berre har fortona seg som mørke, også kan kjenne på lys og liv.

Ragnhild Jepsen

Domprost i Nidaros

Musikk: Alison Kraus - "Down to the river to pray"

Skog